Category: Uncategorized


  • Når det haustar …

    Litt tidlegare start enn vanleg, hugs me skal vera på vatnet til klokka 18, og ny andlet på fin klubbpadling under leiing av Ingunn. Langs land, mellom holmar og skjer. Sjøfuglane som trekkjer sørover har visst pakka snippyska si allereie. Skjønt den stadeigne gråhegren held til i skogen ved Hille og laga eit ille bråk…

    Continue Reading


  • Litt av kvart på sørsida

    Det var rett så omskiftlege forhold på utsida av Blænes då havstrilane padla torsdagskvelden. Frå det næraste havblikk til ei herleg, småkokande blå suppe på heimvegen. Uansett, me var seks padlarar ut frå Vestre Vinnesvågen, og fekk med oss to gjestar frå Gilsvågen rundt Blænesøya. Små smug mellom berga, tang og eit seinsommardrag i lufta…

    Continue Reading


  • Nok eit fullt introkurs

    Trass ein kald julimånad og ein delvis hustrig august så langt, held den bylgja for padling fram med stor intensitet. Torsdag var det ti nye padlarar som fekk ei grunnleggja innføring i teknikk og tryggleik, med aggressiv knott og lummert seinsommarvêr som rammer. Hugs elles på padlevettreglane når du skal ut i kajakken. Det er…

    Continue Reading


  • Heile elleve havstrilar møtte opp ved Leirvika og sette årene i blåmyra med kurs nordover Bekkjarviksundet. Om faunaen ikkje viste seg frå den mest spanande sida, fekk me i alle høve med oss både litt vind, ein del bylgjer i krossinga mellom Litla Lunnøy og Lunnøya. Me padla gjennom det pittoreske Snabbøksundet (trimpoengstad, naturlegvis), før…

    Continue Reading


  • Havstrils minipadlefestival

    Havstril tilbyr medlemmane desse aktivitetane helga 8. –9. august. Gratis for medlemmar! Alle aktivitetar ved Tommy og Kjersti Turholm.   LAURDAG Økt 1 – 10:00-13:00 – Lek for barn og ungdom. Inkluderer gjerne bading, ta med klesskift til etterpå. Lunsjpause 13:00-14:00 Ta med mat og drikke. Økt 2 – 14:00-16:00 – Kart, navigasjon og turplanlegging.…

    Continue Reading


  • Havstrils minifestival 2020

    Bilete: Kjersti og Tommy Turholm vil læra frå seg kjekke teknikkar og tilby ein introduksjon til grønlandsrulla på Sveholmen om ei dryg veke. Helga 8. og 9. august arrangerer Havstril pk i samarbeid med Turholm kajakk to dagar med padlemoro på Sveholmen. Me startar rundt lunsj laurdag med leik og moro for ungdommen, etterfølgd av…

    Continue Reading


  • Me fekk besøk av Tommy og Kjersti Turholm, som skal halda diverse kurs for oss i august, og dei vart med på padleturen. Eigentleg hadde aktivitetsleiar Trond planar om å padla langs Hundvåkøylandet, med allereie ved Barmen bygde havdønningane opp såpass utfordrande refleksar at me i staden padla ut mot Kalve for å vera meir…

    Continue Reading


  • Torsdag 30. juli kl. 18:30 (i båtane til dess). Følg lenken og meld deg på med deltek, eller send SMS 98874253.

    Continue Reading


  • Tur til ytre øyane

    Rettnok ein privat tur til Møkster og Fugløy, men verdt å dela nokre bilete til inspirasjon. To havstrilar tok motorseglbåt frå Drønen til Møkster, der det var flatt hav. Me padla ut Kuøysundet til Hekkingen, der me logga eit trimturpoeng. Deretter sette me kursen mot idylliske Plystrene. Ein flott plass til øytur og strandhogg, må…

    Continue Reading


  • Etter å ha oppdatert medlemslista etter siste forfallsfrist og nytt introkurs med ti nye medlemmar, står for fyrste gong medlemstalet til Havstril padleklubb over 150. Me gler oss over den nye interessa for den gamle lidenskapen vår, og særleg at såpass mange av dei ferske medlemmane våre er med på klubbaktivitetane etter kurs. Alle foto:…

    Continue Reading