Category: Utstyr
-

Frå 1. august er det ny kode på klubbhuset. Send SMS i god til før du treng bruka det til 98874253 og oppgje namnet ditt for å få det oppgitt.
-

Ein heilt vanleg og smått ufyseleg torsdag i slutten av juli registrerte me 11 utlån av kajakkar i klubben. Nokre av dei var rett nok til lågterskelturen i klubbregi, men det er veldig kjekt å sjå at medlemmar i alle aldrar tek utstyr ut, er flinke å registrera det i padleboken.no, slik at me har…
-

Me skal ha introkurs, som gledeleg nok er fullteikna, fyrstkomande torsdag. Alt utstyr må difor vera på plass i naustet frå klokka 17:30. Dei som vil padla kan likevel ta ut utstyr som me ikkje brukar på kurset etter klokka 18:30?
-

Me arrangerer sommarskule i samarbeid med Austevoll seilforening måndag til fredag fyrste veka i juli. Utstyret til klubben må vera på plass kvar dag inntil klokka 15. Etter dette kan ein fritt bruka utstyret til klubben.
-

Det vert skulebesøk på dagtid både onsdag og torsdag denne veka. Kajakkar, vestar, årer og resten av utstyret må då vera på plass i naustet. Det same gjeld kvar dag mellom 09-18 i helga, då det skal vera fullteilkna grunnkurs på Sveholmen.
-

Takka vera pengestøtta frå Sparebanken Vest og litt eigenkapital har me no investert i fem nye, prima tørrdrakter. Desse vert tilgjengelege til aktivitetsleiarstyrte aktivitetar som kurs og turar. Les om tørrdrakta NRS Crux her.

