-
Verkjer du etter å gå laus på noko med kubein?
Me skal riva ned innsida av andreetasjen på klubbhuset – og har du trong for å bli kvitt opparbeidd energi – kan du få ei opning med kubein måndag 9. november klokka 18:30.Panel skal ned,…
-
Slik gjekk det på årets padleturar i Austevoll
Etter rekordstor aktivitet på padleturkonkurransen vår i 2025, kom ein hustrig og dårleg sommar og la eit vått og klamt lok på padlinga for mange av oss. Såleis kan det kanskje forklara reduksjon både i…
-
No er toalettet ope att
Ettersyn av avløp etc er gjennomført, og toalettet på Sveholmen er nok ein gong ope for friluftsfolk, padlarar, badegjestar og andre som treng å gjera sitt fornødne.
-
Toalett stengt inntil vidare
Grunna eit teknisk ettersyn på avløpssystemet, vil toalettet på Sveholmen etter ynskje frå BOF vera stengt og skal ikkje brukast inntil annan melding vert gjeve. Det same gjeld bruk av vask på innsida av klubbhuset.…
-
Ikkje torsdagspadling denne veka
Hausten er komen, og velsignar oss ikkje med berre eit kaldt drag i lufta denne veka. Med regn og relativt mykje vind i meldinga, blir det ikkje dett opp padling torsdag 17. september.
-
Frå sveholmen torsdag
I kajakken til klokka 18. Ta med noko å drikka på event landgang. Me satsar på ein tur sørover. Påmeldingslenke.
-
Avlyst: Frå klubbhuset torsdag
Hausten er her, kveldane vert kortare. Me set opp klubbpadling frå Sveholmen. Det er meldt fine forhold, så kan liggja til rett for ein tur i over Kalsvika, litt på utsida eller i retning Horgo.…
-
Blænesøya i måneskinn?
Me padlar frå Vestre Vinnesvåg (under brua, rett fram, ved svingen som fører ut til Møllo). Me satsar på magi på stille hav når månen stig oppover Tysnes. Ta med hovudlykt eller event lanterner. Påmeldingslenke.
-
Torsdag frå klubbhuset
Me padlar kl 18:30. Ta med noko å drikka og bita i. Me satsar på å padla på nordsida av Storekalsøy, innom eit par tronge sund og viker på vegen ut mot Marstein. Kanskje vågar…
-
Avlyst: Tur med overnatting til Bømlo
Me hadde sett opp tur til Bømlokanalane helga 22. – 23. august. Me hadde tinga dykkarklubben si rorbu for overnatting, som hadde gjeve eit fint utgangspunkt for å utforska dei pittoreske strekka gjennom øykommunen i…










