Aktivt år på trimpoenga

Då årets trimturpoeng vart avslutta i slutten av september, kunne me konstatera at mange havstrilar og andre med interesse i padlinga har delteke på turane. Me hadde lagt ut 25 postar kring om i kommunen, dei fleste har me kunna besøkja på klubbturane me har sett opp.

Her er topp fem-lista: 1. Stig Ove Utskot 250 p, 1. Morten Drønen 250 p, 1. Hans Petter Bjånesøy 250 p, 1. Hans Inge Gloppen 250 p, 5. Ingunn Berge Vik 240 p.

Heile fire personar logga alle postane, frå Raugholmane i sør til Kyrholmen i nord. Me hadde sett opp ein slags historisk tema i år, mellom anna med vekt på krigshistorie og lokale segn.

Dei som var med og fekk logga minst ein post mottek ein kul deltakarpremie, og så trekkjer me ut ein middag for to på Bekkjarvik gjestgiveri (sponsa)@ og eit gåvekort på padleutstyr beløpande til kroner 2 500,-.

Me ynskjer oss sjølvsagt endå fleire deltakarar til neste år, og som ein av dei som deltok for fyrste gong i år sa til oss: De har vore utruleg flinke til å finna stadar til trimturpoenga.

(Foto: Morten Drønen loggar den 25. posten sin i Hamnene, nord på Storekalsøy.)

Leave a comment