Om …

Havstril padleklubb vart starta under ein parasoll på Bekkjarvik gjestgiveri i juli 2006. Sidan den gongen har me padla mykje, fått oss ein flott flåte med havkajakkar og klubbhus  på Sveholmen.

Me tilbyr mellom anna introkurs (og med ujamne mellomrom andre kurs på padleforbundet sin våttkortstige), klubbpadlingar  og sommarskule for barn og ungdom.

Sentalt i tankegangen vår rundt padling er at klubben skal vera eit lågterskeltilbod, men kontingentar slik at alle som har lyst kan prøve seg. Ungdom kan padla, få kurs og tilgang til utstyret vårt for berre 250 kroner i året. Familiekontingenten vår er på veldig beskjedne 1500 kroner. Seniormedlemmar betalar 750,-

Havstril-styret 2025 består av:
Trond Hagenes (leiar), André Hole (nestleiar), Katrine Hausberg, Doris Bakke (medlem) og Elise Drønen (medlem).