Category: Sponsing
-

Havstril padleklubb er så heldige at me har nokre verksemder som støttar oss fast med ein god slump pengar kvart år. Ei av desse verksemdene er fiskebåtreiarlaget Østerbris AS. Me takkar storleg for støtta.
-
Havstril padleklubb er svært glade for at det lokale næringslivet støttar oppunder arbeidet vårt. Austevoll Melaks eitt av selskapa som har støtta oss med det som for oss er ein betydeleg sum, som igjen fører til at me kan halda oppe aktivitet og ambisjonsnivå inn i 2025.
-
Me synest det er fantastisk at det lokale næringslivet stiller opp for klubben vår, særleg i ein periode prega av dyrtid. No ynskjer me å takka Seistar Holding, som var positive og har bidrege med det som for oss er ein betydeleg sum å ta med oss inn i det nye året. Tusen takk.
-

Fiskebåtreiarlaget Østerbris har i dei siste åra rundhanda støtta padleklubben sin aktivitet. Det gjer det òg i år, med ein pengesum som verkelege er med på å gjera ein skilnad for oss. Me takkar verksemda hjarteleg, og måtte det bli rikeleg med fisk i nót og snurrevad/liner òg i 2025!
-

Havstril padleklubb takkar Troland lakseoppdrett for sponsorstøtte i 2024. Dette er uvurderleg støtte i ei tid prega av auka utgifter, samstundes som mange padleklubbar (oss inkludert) merkar ein slags post-pandemi-effekt.
-

Naboane våre i North Sea Shipping opnar sjekkheftet i år òg, og støttar oss med ein for oss svært viktig pengesum. Me takkar storleg og håpar på all verdas hell og lukke på Dei sju hav for “North Sea Giant” og dei andre skipa i flåten deira (foto: skjermdump frå North Sea Shipping si heimeside).
-

30 000 kroner frå den lokale sparebanken kjem særs godt med når me skal arrangera kurs og andre aktivitetar. Pengane går til tørrdrakter som alt er kjøpt inn. Me takkar Ragnhild og kollegaane hennar for den rundhanda støtta. Doris Bakke henta teiknet på bidraget i dag.
-
Også i 2023 støttar naboane våre i North Sea Shipping oss med ein særs pen slump med pengar, som gjev oss litt kjærkomen puff i bakken.
-
Me takkar Siv og gjengen i Hordafor / Pelagia for fin støtte i 2022. Det kjem godt med når prisane aukar og dyrtida set inn.
-
Me er særs takksame for næringslivet som støttar aktiviteten vår – utan Dykk hadde me ikkje kunna hatt eit like oppegåande og fint klubbtilbod. Denne gongen er det Østerbris AS me ynkjer å takka for stor støtte i 2022!

