Årer og segl, hand i hand

Fyrste sommarferieveka gjekk Sjøsprøyt sommarskule av stabelen ved Spissøy og Sveholmen. Sommarskulen er eit samarbeid mellom Austevoll seilforening og padleklubben, støtta frå Sparebanken Vest og for padleklubbens del Norges padleforbund.

Me hadde 30 deltakarar, og mange av dei var ferske i kajakken. Derav fekk me delt ut 21 våttkort til deltakarane. Dei fleste var frå mellomtrinnet på barneskulen, komplementert av ei god gruppe i ungdomsskulealder. Dei unge padlarane og siglarane kom både frå Austevoll og nabokommunen i nordvest.

Det vart òg tid til bading, moro på SUP-brett, og stuping og hopping frå gangbrua mellmom Sveholmen og Spissøy.

Og to timar etter at sommarskulen var over, fekk me spørsmål om deltaking i 2024. Me vil tru at vedkommande hadde storkost seg.

Alle fotos: Inge Tøkje.

3 responses to “Årer og segl, hand i hand”

  1. Stig Henriksen Avatar

    Hei,
    Litt i siste liten – jeg skulle gjerne oppleve Austevoll fra sjøsiden.
    Er det noen som har en kajakk å låne/leie ut i morgen 3. juli på Austevoll.
    Jeg er en voksen mann -185 som normalt padler på Østlandet i Drøbak- området og regner meg som en dreven padler. Jeg har med alt jeg trenger,- bortsett fra en kajakk :-/
    – 92200465

    1. Havstril padleklubb Avatar

      Prøv Olaskjeret. Dei har kajakkar til leige –> https://www.olaskjeret.no

      1. Stig Henriksen Avatar
        Stig Henriksen

        Takker og bukker 👍🏻

Leave a Reply

Discover more from Havstril padleklubb

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading