Slik gjekk det på årets padleturar i Austevoll

Etter rekordstor aktivitet på padleturkonkurransen vår i 2025, kom ein hustrig og dårleg sommar og la eit vått og klamt lok på padlinga for mange av oss. Såleis kan det kanskje forklara reduksjon både i talet på deltakarar, men òg særleg på kor aktiv kvar deltakar har vore.

Medan det tidlegare om åra har vore ei lite handfull deltakarar som har teke alle turmåla, var den som kom nærast dei 55 punkta på årets kart, Kersti Østervold, med 35 ulike besøk. Eli Larsen noterte seg for 26, og Trond Hagenes for 21 ulike lokalitetar. Larsen var òg aktiv i totalpoengsummen, og enda her på ein finfin tredjeplass med 720 poeng.

Heilt i toppen av poenghausten finn me Erik Iden med 1060 poeng, som han sanka på ni ulike lokalitetar. Elisabeth Kalve er alltid aktiv, og noterte seg flotte 905 poeng, fordelt på seks ulike lokalitetar.

Totalt var det 486 besøk på dei ulike 55 trimpoengstadane. I fjor var talet til samanlikning 1170 innsjekk på 50 ulike innsjekkstadar.

Premiane, eit gåvekort på middag for to på Bekkjarvik gjestgiveri og eit gåvekort på 2500 på padleutstyr, vert trekte opp klubbkveld på Austevollbadet. Ny dato for klubbkvelden vert tysdag 3. november klokka 19:30

Konkurransesida finn du her.

Leave a Reply