Category: Torsdagspadling
-

Formelt sett har me starta sesongen for torsdagspadlingar. MEN vêrmeldingane må vera nokolunde i vater før me legg ut frå Sveholmen. Slik var det ikkje førre veka, og slik ser det ut til å ikkje verta denne veka, heller. Me kjem attende med detaljar når vêrgudane spelar litt på lag.
-

Me padlar frå Sveholmen klokka 18. Ta med hovudlykt om du har. Påmeldingsfrist er torsdag klokka 12. Lenke til påmeldinga finn du her.
-

Me padlar frå Vestviking-kaien torsdag klokka 18. Padling i nærområdet med ein noko kortare tur (under 10 km), med landgang i kystturhytta med litt kos og fyring i omnen der. Denne hendinga er avlyst grunna få påmelde.
-

Me padlar frå Vasseidet (enden av Birkelandsvegen) på torsdag. Me set kursen mot Saltskjersholmane og kanskje Haukanespollen. I kajakken klokka 18:00. Påmeldingslenke.
-

I distanse er det kanskje ikkje så ambisiøst å padla rundt Stora Kalsøy, men det er eit vêrutsett stykke på vestsida. Det er likevel meldt strålande padletilhøve, nesten utan vind, og padleklubben stiller med fleire aktivitetsleiarar på turen. Det byrjar verta mørkt om kveldane, så om du har hovudlykt må du gjerne ta det med.…
-

Nettopp teke kurs, ikkje komfortabel med å padla så langt, eller litt rusten? Sjølv om det er midt i ferien køyrer me lågterskeltur frå Sveholmen. Du må vera medlem for å vera med på denne turen. Torsdag 31. juli. Oppmøte klokka 18:30. Påmeldingslenke.
-

Me padlar frå den gamle Vestviking-kaien på Skår, Hundvåkøy. Me padlar Krossøy, kanskje til Trollsøy òg, alt etter kor mange me blir og kor gira me måtte vera. I kajakken til klokka 18:30. Eirik ordnar hengarkøyring. Oppmøte på Sveholmen klokka 17:50. Påmeldingslenke.
-

Oppstart Sveholmen kl 18:00. Om vêrmeldingane held fram som dei stemnar, ligg alt til rette for ein fin-fin tur sørover til Horgo på torsdag. Me kan padla til Horgekalven, inn Vaulo og eventuelt bera kajakkane 30 meter over til Austrevågen. Er det ekstra roleg, kan me ta for oss Horgetrynet og padla heilt rundt øya.Ein…
-

Me padlar frå småbåthamna i Beinskrokjen klokka 18:30, og set kursen rundt Drønen. Me padlar rundt øya med ein avstikkar til Råtapollen om vêret spelar på lag. Det vert høve å henta padleutstyr ved Sveholmen klokka 17:45. Hanna N. har sagt seg villig til å vera sjåfør. Bli med! Bli med!! Påmeldingslenke.
-

Klubbpadlingar på Lille-laurdagar var ingen særleg suksess, kanskje mest fordi me har vore belemra med masse ekkel nordavind på det kunngjorte dagane våre. Me skiftar uansett attende til torsdagar som meir eller mindre fast padledag. Me manglar nok aktivitetsleiarar grunna sjukdom, og den me har prioriterer eit opplegg knytt til parapadling. Vanleg torsdagspadling utgår difor.

