Litlakalsøy – Møkster – Sveholmen

Ved eit godt vêrvindauge i slutten av august eller i byrjinga av september, ynskjer padleklubben å arrangera klubbtur til dei ytre øyane. Planen er å henta kajakkar på hengjaren onsdagskvelden og ta snøggbåten frå Storebø klokka 17:10 torsdag.

Me tingar maxitaxi attende til Storebø når me er komne til Sveholmen etter endt tur. Geologien ved Litlakalsøy og på Møkster er heilt spesiell, og er del av Geopark Sunnhordland. Om du er interessert kan du lesa denne reportasjen i Marsteinen om opphavet til marmor og andre bergartar, som og er med på å gjera turen spesiell.

Fyrste aktuelle dato for turen er 24. august.

One response to “Litlakalsøy – Møkster – Sveholmen”

  1. Stig Ove Avatar
    Stig Ove

    Godt turforslag, blir gjerne med. Og skal i så fall melde meg inn i klubben.
    de kjenner sikkert alle severdigheter, men nevner Rosmundskjeret, Tindaskjeret og sundet mellom Kaggen og Kaggahaugen med eigen “marina”.

    Stig Ove

Leave a Reply

Discover more from Havstril padleklubb

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading