1 Den som padlar skal ha minimum NPF-våttkort med introkurs. Unnatak kan gjevast av aktivitetsleiar eller ved eigenerklæring.
2 Padlaren skal ha løyst medlemspengar.
3 Flyteplagg skal til ei kvar tid nyttast i kajakken.
4 Kle deg etter temperaturen i sjøen.
5 Ta alltid omsyn til vêr og vind.
6 Hugs: Tur etter evne.
7 Sjekk at spruttrekket ditt passar til båten du brukar.
8 Unngå helst å padla når det mørknar, men ta med deg lanterne og hovudlys viss du er ute når det mørknar.
9 Er du under 18 år, padla saman med nokon som har fylt 18.
10 Ta med deg mobil, slik at du kan kontakta andre ved uhell.
11 Det må alltid vera minst ei reserveåre i eit padlefylgje.
12 Padlar du åleine må du kunna eigenredning (eigen- eller cowboyredning eller annan form for reentry).
13 Ved klubbturar skal det alltid bringast med fyrstehjelpsutstyr.