Category: Uncategorized
-

Det vert bilete og føredrag frå Hans Petter, som har vore og padla på Grønland, det vert servert pizza frå Casa Mia (ta med eigen drikke), og trekt premiar og delt ut deltakarpremiar frå årets trimturpoeng. Kommenter gjerne under her eller send SMS til Trond på 98874253, så veit me kor mykje pizza me skal…
-

Me skal riva ned innsida av andreetasjen på klubbhuset – og har du trong for å bli kvitt opparbeidd energi – kan du få ei opning med kubein måndag 9. november klokka 18:30.Panel skal ned, saman med gamal og skadd isolasjon skal òg ned og pakkast og leverast inn på miljøstasjon etterkvart. Me stilller med…
-

Etter rekordstor aktivitet på padleturkonkurransen vår i 2025, kom ein hustrig og dårleg sommar og la eit vått og klamt lok på padlinga for mange av oss. Såleis kan det kanskje forklara reduksjon både i talet på deltakarar, men òg særleg på kor aktiv kvar deltakar har vore. Medan det tidlegare om åra har vore…
-

Ettersyn av avløp etc er gjennomført, og toalettet på Sveholmen er nok ein gong ope for friluftsfolk, padlarar, badegjestar og andre som treng å gjera sitt fornødne.
-

Grunna eit teknisk ettersyn på avløpssystemet, vil toalettet på Sveholmen etter ynskje frå BOF vera stengt og skal ikkje brukast inntil annan melding vert gjeve. Det same gjeld bruk av vask på innsida av klubbhuset. Spyl likevel av kajakk og utstyr som vanleg ved bruk. Toalett vert opna når røyrleggjar har avklart situasjonen.
-
Hausten er komen, og velsignar oss ikkje med berre eit kaldt drag i lufta denne veka. Med regn og relativt mykje vind i meldinga, blir det ikkje dett opp padling torsdag 17. september.
-

I kajakken til klokka 18. Ta med noko å drikka på event landgang. Me satsar på ein tur sørover. Påmeldingslenke.
-

Hausten er her, kveldane vert kortare. Me set opp klubbpadling frå Sveholmen. Det er meldt fine forhold, så kan liggja til rett for ein tur i over Kalsvika, litt på utsida eller i retning Horgo. Ta med hovudlykt om du har. I kajakken til klokka 18:30. Påmeldingslenke.
-

Me padlar frå Vestre Vinnesvåg (under brua, rett fram, ved svingen som fører ut til Møllo). Me satsar på magi på stille hav når månen stig oppover Tysnes. Ta med hovudlykt eller event lanterner. Påmeldingslenke.
-

Me padlar kl 18:30. Ta med noko å drikka og bita i. Me satsar på å padla på nordsida av Storekalsøy, innom eit par tronge sund og viker på vegen ut mot Marstein. Kanskje vågar me oss ut dit òg, alt etter korleis vêr og vind faktisk er. Ta med hovudlykt om du har. Påmeldingslenke.

