Category: Kystturhytta
-

Det vart ein fin sundag med padling frå Sveholmen til opning av Kystturhytta for mange havstrilar med gjestar. Det blas rett så friskt frå sør, men kom oss i livda for det aller meste. Hytta vart opna av Renate Møgster Klepsvik, og no kan du booka hytta via BOF si heimeside. Mykje er sagt om…
-

Me håpar at så mange som mogleg vert med og padlar frå klubbhuset klokka 11:30 sundag 1. juni. Me legg kursen på nordsida av Navøy og Hundvåkøy. Påmeldingslenke.
-

Alle kajakkar på sjøen 1. juni? Havstril markerer at ein lang seglast er i hamn – frå idé til ferdig hytte – var ein langt lengre overfart enn me trudde så me sette segl. Men no står ho der, som eit tilbod til dei som har eit hjarte for det enkle friluftslivet: Eit krypinn, eit…
-

Tanken om å reisa ei kystturhytte i Austevoll er ikkje akkurat fersk ute frå eska. Den vart fødd for seks-sju år sidan, litt inspirert av foreininga Nullmeteroverhavet og Padleled Vestfold. Me fekk pengar frå Sparebanken Vest og kunne tinga arkitektane i Biotope på synfaring på holmen ytst mellom Skårasundet og Hundvåkosen. Så hytta er altså…
-

Kystturhytta til Havstril padleklubb er no ferdig, i den forstand at ho er bygd. Det som står att er montering på holmen ute ved Skårasundet og friluftsområdet. Sidan det har vist seg å vera særsdeles ugunstige vêrmeldingar med tanke på helilift ut til lokaliteten, i tillegg til generelle vanskelege arbeidsforhold, er denne delen av arbeidet…
-

Havstril padleklubb har over fleire år arbeidd meir eller mindre i det stille for å realisera Kystturhytta ved Skårasundet aust ved Hundvåkøy. No er bygget i ferd med å bli bygd, og sett saman. Biotope sin sjefarkitekt Tormod Amundsen har vore på ein siste synfaring i Austevoll før hytta skal setjast opp. Området hytta står…
-

Me kostar på oss eit utropsteikn i tittelen: Då be sådde tanken om at Austevoll treng minst ei enkel hytte etter inspirasjon av buene som Nullmeteroverhavet reiste i Øygarden, har det teke lang tid før prosjektet flaska seg. Ei av utfordringane var å få fullfinansiert prosjektet. Før pandemien var det vanskeleg å få lokale verksemder…

