Havstril padleklubb har over fleire år arbeidd meir eller mindre i det stille for å realisera Kystturhytta ved Skårasundet aust ved Hundvåkøy. No er bygget i ferd med å bli bygd, og sett saman. Biotope sin sjefarkitekt Tormod Amundsen har vore på ein siste synfaring i Austevoll før hytta skal setjast opp.

Området hytta står på er eit friluftsområde under Bergen og omland friluftsråd eigarskap. Hytta vert drifta og eigd av padleklubben, med bookingløysing his BOF. Dette for å sikra at ho er ledig om folk kjem langvegsfrå for å bruka henne. Hytta kan brukast av alle, og er eit bidrag til det nære og enkle friluftslivet. Og ja, det vert plassert ein liten vedomn i hytta, slik at det vert mogleg å bruka henne heile året.

Hytta er designa for akkurat denne holmen av det vidgjetne arkitektfirmaet, som no òg leverer prefabrikert hytte, som skal transporterast ut på holmen enten med helikopter eller ved hjelp av ein lokal samarbeidspartnar. Målet er at ho kjem på plass i løpet av desember 2024.

Hytta blir til takka vera støtte frå Sparebanken Vest, Sunnhordland interkommunale miljøverk (SIMs miljøfond) og tippemidlar. Takk også til Bergen og omland friluftsråd og Biotope for godt samarbeid.



Leave a Reply