Me har naustet fullt av kajakkar, som me gjennom åra har fått bygd opp og med meir røynsle finjustert etter behova våre. Det er særleg kajakkar frå Sea Kayaking UK / Nigel Dennis Kayaks me har satsa på – desse er tilsynelatande evigvarande båtar, som treng litt kjærleik innimellom. På denne sida kan du finna ein kjapp oversikt over det me har i naustet. Kajakkane er nummererte i padleboken.no, slik at det vert enklare for deg å logga utlåna.

Kajakk 1 og 2: Nigel Dennis Kayaks Romany Excel
Dette er kajakkar for padlarar som veg meir enn gjennomsnittet. Selskapet skriv at desse båtane er ideelle for dei som veg frå 102 kilo og oppover, men kan òg vera ideelle for dei som treng meg plass til beina sine. Også cockpiten er noko større enn dei andre kajakkane i klubben.

Kajakk 3, 4 og 17: Nigel Dennis Kayaks Romany Surf
Også kajakkar for litt større padlarar, og gjev plass til skostorleikar inntil storleik 46,5. Desse kajakkane er blitt allround-favorittar til mange havstrilar. Kajakkane 3 og 4 er utstyr med ekstra lag glasfiber og er dermed tyngre enn dei andre kajakkane i naustet.

Kajakk 5 og 6: NDK Pilgrim
Dette er kajakkar som er ideelle for mindre padlarar. Særleg ungdommar og kvinner under 65 kilo bør kunna prøva desse leikne kajakkane fyrst.
Strategiske mål: 480 cm lengde. Breidde: 50 cm. Djupne: 30,5 cm.

Kajakk 7 og 8: NDK Romany Classic
Kanskje ein av dei mest klassiske kajakkdesigna i verda og lesta dei fleste av Nigel Dennis-kajakken er forma etter. Storleiksmessig passar denne i sjiktet mellom Pilgrim og Romany Surf.
Strategiske mål: 485 cm lengde. Breidde 54 cm. Djupne: 32,5 cm.

Kajakk 9: NDK Echo
Kjøpt inn primært som ungdomsbåt, som passar for dei som synest at Pilgrim òg er litt for stor. Trass at båten er lang, har han lite volum og dermed ei litt lengre vassline. Dermed er han rask og framleis lett å manøvrera.
Strategiske mål: Lenge 507 cm, breidde: 50 cm

Kajakk 10: NDK Triton, tandemkajakk
Dette er ein rask toarkajakk som er lagra inne i sjølve klubbhuset, saman med den andre K2-en i klubben. Denne kajakken er både rask og reagerer ganske godt på roret. Du er likevel ganske avhengig av at det er to sterke padlarar om bord i han. Kajakken er ganske tung.
Strategiske mål: 673 cm. Breidde: 57 cm. Djupne: 34 cm.

Kajakk 11: P&H Delphin II
Plastkajakk for leik i bylgjer og brott. For padlarar inntil 125 kilo. Denne designen liknar ikkje på så mykje på dei meir klassiske designane me har i klubben, men er ei glede å padla. Ver merksam at du kan måtta bruka senkekjølen meir aktiv enn med dei andre kajakkane, særleg når du vert utsett for sidevind.
Strategiske mål: 475 cm lengde. Breidde: 57cm.

Kajakk 12: Stellar 21 Tandem
Er lagra saman med den andre K2-en i klubben. Denne båten er både lettare og reagerer meir responsivt på roret enn Triton frå NDK. Skal du padla med ein yngre kajakkpadlar i fronten, er dette eit betre val enn Triton, nettopp på grunn av eit meir ror-responsivt design.
Strategiske mål: Lengde: 650 cm. Breidde: 56,8 cm.
Kajakk 13: Arrow Play
Ein av dei eldste i flåten. Ein lang kajakk med mykje plass til lange (men ikkje så veldig tjukke) bein. Nokre detaljar er forseggjorte, og båten har god byggjekvalitet. Me vil tilrå denne til deg som har lyst å padla litt lenger eller utforskar bylgjene der det kanskje ikkje er så mykje sidevind. Kan passa for padlarar mellom 90 og 120 kilo.
Strategiske mål: Lengde 516 cm, breidde 54,0

Kajakk 14: North Shore Polar
Dette er i grunnen veslebroren til smått legendariske Buccaneer, som av ein eller annan grunn vart teken ut av produksjon av North Shore etter dei vart kjøpt opp av Valley. Også Polar har gått ut av produksjon, men har vore ein favoritt hos ein av klubbens mest røynde padlarar i mange år. Passar for dei som har frå middels til litt større kroppsbygging.
Strategiske mål: Lengde 500 cm, breidde: 54 cm.

Kajakk 15: NDK Romany Sport
Plasttilnærming til dei klassiske glasfiberbåtane frå Angelsay, Wales. Nokre svakheiter er det utvilsamt i designet når det kjem til haldbarheit, men båten er ikkjedestomindre ein fin tur- og herjekamerat. For dei middels- til kraftige kajakkpadlarane.
Strategiske mål: Lengde 489 cm, breidde 54 cm.

Kajakk 16: Valley Aquanaut
Ein gamal krigar, som har vore ute i ein storm eller to før me kjøpte han brukt frå God-tur i Bergen. Kajakken er responsiv og grei, men ver merksam på Valleys noko spesielle lasteluker, som krev eit ekstra blikk før du padlar i gang. Det same omsynet må du ha når du vil padla kajakk nummer 14.



