Me fekk endeleg opna hytta på Skårasundholmen, fekk sett opp to skilt med padleruter ved Sveholmen og Bekkjarvik, medan resten av aktiviteten vår vart gjennomført nokolunde på same nivået som året i førevegen.
Havstrilstyret i 2025 bestod av Trond Hagenes (leiar), André Hole (nestleiar), Katrine Hausberg (medlem), Doris Bakke (medlem) og Elise Drønen (medlem/ungdomsrepr.).
Etter ein svært lang prosess fekk me endeleg på plass Kystturhytta. Denne er finansiert av gåver og innsamla midlar av padleklubben og tippemidlar. Bergen og omland friluftsråd sytte for mellomfinansiering inntil midlane kom frå Norsk tipping. Me fekk eit nøkkelferdig bygg levert av Biotope arkitekter, og det var ein kjekt augeblink då Sjåsund Marine kunne heisa den ferdigbygde hytta på plass på holmen. Etter opninga i juni, med alkoholfrie dråpar og sprut av varaordførar Renate Møgster Klepsvik, var det 24 bookingar av hytta. I tillegg nytta padleklubben henne på turarane våre.
2025 vart eit godt padleår i Havstril pk. Hovudaktiviteten har vore fellespadlingar, som me har køyrt onsdagar eller torsdagar, ofte frå Sveholmen – eller andre stadar av kommunen. Me har nytta klubbens tilhengjar ofte og medlemmar som ikkje har takbøylar med kajakkstativ har likevel kunna vera med på desse. Det har vore deltakarar frå tenåra til langt oppe i 70-åra, og me har vitja Lunnøy, Horgo, padla rundt Krossøy og teke i bruk dei fleste hjørne av Austevoll.
Bernt Skeie var gjest og instruktør på økter med teknikk og grønlandsrulla på etteråret. Me hadde òg eit relativt godt år med god interesse for introkurs (3-5 timar, kveldskurs), då e hadde tre nokså oppfylte seansar. Det var ikkje nok interesse for grunnkurs (16 timar, helg). Me fekk ein nyutdanna aktivitetsleiar i mai.
Som tidlegare år arrangerte me trimturpoengkonkurransen. Nytt for året var ein auke av innsjekkingstadar til 50, og tidlegare oppstart. Konkurransen er open for alle, med ein deltakaravgift på 100 kroner. Alle som sjekkar inn minst ein gong får deltakarpremie, og me har to hovudpremiar til uttrekking blant dei som har vore innom alle stadane og blant dei som har vore med på konkurransen. Det vart over 1000 innsjekk fordelt på i underkant av 30 deltakarar, og fire av dei klarte å logga alle 50 stadane.

I samband med avslutta sesong og uttrekking av premiar i trimturpoeng arrangerte me klubbkveld i oktober. Me inviterte Cato Risløw og Ingrid Algrøy Sæle til å snakka om padling i havgapet i Øygarden. Og me fekk servert fish’n’chips i aller ypparste klasse. Det var godt besøkt av ivrige havstrilar.
Me har hatt fokus på vedlikehald av utstyret i klubben. Me har forlenga levetida til ei rekkje av klubbens tørrdrakter ved å skifta mansjettar i hals og ermer der det har vore naudsynt. Dette har me outsourca til ein proff aktør – og resultatet vart kjempefint. Kajakkane har òg gjennomgått litt spa-behandling og fiksing av dekkliner, strikk etc. Jakob Tøkje har hjelpt oss med å reperera ein av kajakkane. Me er storleg takksame for kunnskapsrik hjelp!
Klubbhuset har fått litt kjærleik med måling av nokre av veggflatene, og det vart rydda litt skog og vekstar rundt huset.

Medlemstalet er vesentleg lågare enn toppåra under pandemien. Den gongen var me oppe i 175 medlemmar, og lukta på 200-talet. I åra i etterkant har me, i likskap med mange andre klubbar, opplevt nedgang. I 2025 stoppa medlemstalet igjen på 115 betalande medlemmar, som er lågt òg i eit lengre historisk perspektiv.
I 2025 har me ikkje hatt noko sommartilbod i form av gratiskurs eller sommarkurs for barn eller unge. Bakgrunnen er manglande tilgjengelegheit på aktivitetsleiarar i dei aktuelle periodane, i tillegg til at me har konkludert at særleg sommarskulane berre i avgrensa utstrekking har hatt ynskt effekt til rekruttering.
Klubben har trass i at kommunens idrettsmidlar er fjerna, sunn økonomi. Me har omstilt oss noko, og auka kontingenten. Me har framleis ein låg kontingent i den store samanhengen, og det kan seiast at stabile kroner frå lokale verksemder som North Sea Shipping og Østerbris AS er svært viktig.

Det kan leggjast til at padleklubben har hatt to arrangement i samband med Friluftlivets år. Det eine var opninga av kystturhytta, det andre open dag på Sveholmen. Det siste fall saman med Sørcup, som samla fleire hundre menneske i Kristiansand. Det kom i alle fall svært få gjestar til den opne dagen vår.
Valkomitéen i 2026 består av Kersti Østervold (leiar), Monica Skei (medlem), Geir Bergflødt (medlem) og Silje Rusten (varamedlem).
Havstrilstyret, 25. januar 2025



Leave a Reply