Category: Klubbkveld
-

Årets trimturpoeng er avslutta, og med det kan me konstatera at det har vore 1170 innsjekk på dei 50 strategiske punkta me har kryssa av i Austevoll-skjergarden, frå Valesvika i sør til Sengane i nord. Tre deltakarar markerte seg for alle 50 innsjekkingsstadane, medan ein ivrig havstril logga heile 1 770 poeng åleine ved å padla…
-

Havstril padleklubb arrangerer klubbkveld på Bekkjarvik gjestgiveri. Set av kvelden torsdag 23. oktober klokka 19:30 og utover. Me kan by på mat frå staden og føredrag med bilete i regi eventyrar Cato Risløw og kajakk- og klatreinstruktør Ingrid Algrøy Sæle. Eventyr på havet – eit føredrag om havkajakkpadling Saman står dei med med solid erfaring…
-

Havstril padleklubb inviterte medlemmar og andre interesserte til føredrag om kanoekspedisjon (!) i Yukon Terretory i Canada ved Torbjørn Lundhaug, burger med pommes frites frå kjøkenet på Bekkjarvik gjestgiveri. Me fekk fine halvannan time i Galleriet, der ekspedisjonsleiaren tok oss med nedstraums på ei av Yukons elvearmar, Pelly River. Medan canadiarane undra seg over kva…
-

Måndag 11. november kl 19:30 inviterer Havstril pk til klubbkveld på Bekkjarvik gjestgiveri. Det vert servert burger med pommes frites frå det eminente kjøkenet, det vert trekt premiar på årets trimpoengkonkurranse og det vert sjølvsagt høve til dyk. Hovudtrekkplasteret er likevel føredrag med bilete frå eit ekte padleventyr i dei djupaste kanadiske skogane. Føredragshaldar er…
-

Me køyrer klubbkveld med pizza og moglegens heimelaga gulrotkake, biletframvising av Kersti og Odd Arne sin fabelaktige tur til Lofoten i sommar, utdeling av deltakarpremiar og premiar frå padleturar i Austevoll 2023, distansemerke og nokre andre diplom me har funne det oportunistisk å utforma. Det heile går føre seg i Frivilligheitssentralen, Austevollbadet frå klokka 19:30.…
-

Tradsisjonen tru arrangerte padleklubben klubbkveld med føredrag og det me i gamle dagar kalla lysbileteframvising. Denne gongen var det den tidlegare elitepadlaren Daniel Salbu som fortalde om padleturen sin langs kysten, høge skuldre ved Stad, Loppa og andre eksponerte stadar langs kysten. Eigentleg var Daniel vand med flattvatn og konkurranse, så det store havet med…

