Klubbkveld med Daniel Salbu og trekking av trimturpoeng

Tradsisjonen tru arrangerte padleklubben klubbkveld med føredrag og det me i gamle dagar kalla lysbileteframvising. Denne gongen var det den tidlegare elitepadlaren Daniel Salbu som fortalde om padleturen sin langs kysten, høge skuldre ved Stad, Loppa og andre eksponerte stadar langs kysten.

Eigentleg var Daniel vand med flattvatn og konkurranse, så det store havet med dei røffe tilhøva og scener med rotesjø høge som hus medan måkane dala rundt han som om han brått var i ein Hitchcock-film var nytt element for han.

Noreg har ei fantastisk kyststripe. Nesten 3000 kilometer padla Daniel i sommar.

Med litt for mykje utstyr og ein kajakk som var lett, men slett ikkje eigna for røffe landingar, fann han ofte flytsona og var avhengig av å eta energibar ein gong i timen, og ein sandwich frå innerlomma på vesten kvar andre time for å halda seg gåande.

– Frå Fitjar padla eg saman med eit par kompisar, og det var den dagen det var vanskelegast å komma seg av garde. Etter lunsj i Bekkjarvik, der eg trykte i meg det eg fekk kjøpt på Spar, opplevde me eit fantastisk turkis skin i sjøen då me padla ut i Krossfjorden, sjølv om me berre såg åretuppane til kompisane, sa Salbu til dei frammøtte.

Meir om turen hans kan du lesa her

Hans Petter Bjånesøy vann middag for to på gjestgiveriet. Daniel trekte ut vinnaren for oss.

Me trekte òg premiar på trimturpoenga våre. Hans-Petter Bjånesøy vann middag på to på gjestgiveriet i konkurranse med dei tre andre som hadde plukka alle poenga. Stina Nordbak vann gåvekort på padleutstyr, sponsa av Austevoll kraftlag.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s