Category: Onsdagspadling
-

André inviterer til ein lågterskeltur på onsdag. Det passar supert for deg som har hatt kurs nyleg, eller har padla lite i det siste og treng eit lite puff for å koma i gang igjen. Det vert padling frå Sveholmen kl 18. Påmeldingslenke.
-

Me padlar frå Sveholmen, gjerne med kurs sørover. Det ser ut som Horgo med omkringliggjande holmar og skjer kan vera eit naturleg mål. Me må vera i kajakken til klokka 19. Påmeldingslenke.
-

Med moderat sønnavind kan det endeleg vera duka for onsdagspadling igjen, etter at vêrgudane har konspirert om heftig nordavind fleire onsdagar på rad. Det er duka for ein tur kanskje langs med Hundvåkøylandet sørover eller over Horgefjorden. Dette ser me an på sjølve padledagen. Dette arrangementet vart avlyst.
-

Tysdag 20. mai blir det introkurs på Sveholmen (utsett frå veka i førevegen grunna sterk nordavind). Alt utstyr må vera på plass i naustet frå klokka 18. Onsdagspadlinga den 21. heng i ein tynn tråd grunna vinden som tidvis er rett så sterk. I staden kallar me inn til dugnad på Sveholmen (det vert padling…
-

Vêrmeldinga set onsdagspadlinga litt på vent, om det vert betre varsel med tanke på nordavinden, set me opp padling når onsdagen nærmar seg. Torsdag må alt utstyr vera på plass i naustet. Det er fullt introkurs på Sveholmen.
-

Eitt einaste bilete frå onsdagspadlinga er nok. Magisk.
-

Havstril tek turen til Heimarkpollen på onsdag. Utgangspunktet er å padla frå Vassverket, der me startar opp klokka 19. Vêrmeldinga gav litt for mykje nordvest til at vestsida av Drønen frista veldig mykje. Likevel: Kajakkar og anna utstyr kan hentast klokka 18. Eirik køyrer kajakkhengjaren. Påmeldingslenke. Det vert naturlegvis høve til å plukka trimturpoeng under…
-

Ein av dei finaste turane me veit om er til Lunnøy. Rundt øya, gjennom tronge sund mellom skjer og holmar. Me legg inn ein liten te- og kaffipause under vegs. Oppstart er ved Leirvika (nedanfor Bekkjarvik-kyrkja) klokka 19 (i kajakkane). Utstyr kan hentast i naustet klokka 18. Eirik er sjåfør for hengjaren.
-

Det er meldt opptil 15 sekundmeter i kasta onsdagskveld. Me avlyser dermed padlinga. Me starta onsdagspadlingane i førre veka med åtte padlarar ut frå Sveholmen. Denne veka byr me på Heimarkpollen, men treng evenuelt frivillige for å køyra hengjaren med kajakkar om det er interesse for å henta utstyr (viss dette er deg, send SMS…
-

Onsdagspadling ved Odd Arne Østervold. I kajakken klokka 17:30. Påmeldingslenke.

