Category: Ungdom
-

Kvardagen er over oss igjen, og me inviterer ungdommen til padling frå klokka 18:00 tysdag 13. august. Du treng ikkje vera medlem, men ha vore med på sommarskulen eitt av dei siste åra for å vera med. Du kan ta med ein venn (som ikkje treng å ha padla før), men send uansett ein SMS…
-

Det vert skulebesøk på dagtid både onsdag og torsdag denne veka. Kajakkar, vestar, årer og resten av utstyret må då vera på plass i naustet. Det same gjeld kvar dag mellom 09-18 i helga, då det skal vera fullteilkna grunnkurs på Sveholmen.
-

Me vil ha faste padledagar for ungdommen når det vert varrmare i sjøen. I starten ser me for oss annakvar tysdag frå klokka 18 til 19:30 – kvar gong frå Sveholmen. Det vert OK å ta med ein ven som ikkje har padla før, etter avtale med André Hole som vil ha hovudansvaret for ungdomspadlinga.
-

Fyrste sommarferieveka gjekk Sjøsprøyt sommarskule av stabelen ved Spissøy og Sveholmen. Sommarskulen er eit samarbeid mellom Austevoll seilforening og padleklubben, støtta frå Sparebanken Vest og for padleklubbens del Norges padleforbund. Me hadde 30 deltakarar, og mange av dei var ferske i kajakken. Derav fekk me delt ut 21 våttkort til deltakarane. Dei fleste var frå…
-

Me har sommarskule på dagtid kvardagar frå måndag 26. – fredag 30. juni. Utstyr er ledig etter klokka 14:30 kvar dag.
-

Havstril padleklubb og Austevoll seilforening har motteke 30 000 kroner frå Sparebanken Vests allmennyttige midlar i dag. Leiar Trond H. (padleklubben) tok i mot pengane saman med Sigbjørn Stangeland frå siglarane. Me set storleg pris på støtta den lokale pangen gjev til ikkje berre oss, men òg resten av det frivillige Austevoll. Totalt vart det…
-

Austevoll seilforening og Havstril padleklubb slår saman årer og segl og arrangerer gratis sommarskule for ungdommar alderen mellomtrinn på barneskulen til ungdomsskulen. Veka går av stabelen ved Sveholmen/Spissøy. Både Havstril padleklubb og Austevoll seilforening har på kvar si side drive sommarskule dei siste åra. Seglarane tok kontakt med padlarane, i vona om at me saman…
-
Ti ferske havstrilar fekk i tidenes sommarvêr grunnleggjande innføring i padlelivets gleder og farer torsdag. Aktivitetsleiar Trond med hospitantane Kersti og Odd Arne gjekk gjennom effektiv framdriftsteknikk, Kameratredning (og cowboyredning for dei aller ivrigaste). Me fekk òg tid til ein fin liten tur rundt Spissøy i det fantastiske sommarvêret. Innhaldet i eit introkurs kan du…
-
André Hole melder om var tre dagar med sommarpadling over for ungdommane i barneskulealder. Tre knallkjekke dagar på vatnet, der hovudfokuset har vore moro i òg på vatnet. Mange av dei har utfordra komfortsona i kajakken og utfordra stabiliteten og moglegheitene ein har i kajakkane. Og ikke minst, mykje bading. Stor takk til Kersti Østervold…

