Austevoll seilforening og Havstril padleklubb slår saman årer og segl og arrangerer gratis sommarskule for ungdommar alderen mellomtrinn på barneskulen til ungdomsskulen. Veka går av stabelen ved Sveholmen/Spissøy.
Både Havstril padleklubb og Austevoll seilforening har på kvar si side drive sommarskule dei siste åra. Seglarane tok kontakt med padlarane, i vona om at me saman laga synergiar når me slår oss saman: Me driv begge med aktivitetar på sjøen, og treng lenger innføring i sportane vår og har andre krav til HMS enn landidrettane.
Me kjem til å organisera sommarskulen i to grupper: Dei som har gått på barneskulen før sommarskulen, og den andre gruppa ungdomsskuleelevar. Medan den eine gruppa siglar i to dagar, får den andre padla. Så byter me onsdag-torsdag. Fredag vert fri moro og herjing på sjøen, i stranda.
Både padleklubben og seilforeningen har alt utstyret som trengst til sommarskule. Ungdommane treng berre komma seg til og frå Spissøy/Sveholmen og ta med seg lunsj og drikke til fire dagar. Fredagen inviterer me til grilling.
Sommarskulen vart fullteikna før lunsj 19. mai 2023. Dei som melder seg på etter dette kjem på venteliste.

Gratis:
Austevoll seilforening og Havstril padleklubb presenterer:
Sommarskule måndag 26. juni – fredag 30. juni
Sveholmen, Austevoll
Moro, sjøsprøyt, bading, padling og segling.
Me aldersdelar i to grupper:
Ungdommar fødde i 2010, ’11 og ‘12
Ungdommar fødde i 2007, ’08 og ‘09
To dagar på segling og to dagar på padling og ein dag med friaktivitetar.
Det vert opimistjoller, SUP-brett og naturlegvis havkajakkar.
E-post/påmelding: info@havstrilpadleklubb.no
(opplys om ungdommens namn, fødelsår).
Info – mobilnummer: 98874253
(seglefoto: Morten Jensen, Norges seilforbund).