Årets trimturpoeng er avslutta, og med det kan me konstatera at det har vore 1170 innsjekk på dei 50 strategiske punkta me har kryssa av i Austevoll-skjergarden, frå Valesvika i sør til Sengane i nord.
Tre deltakarar markerte seg for alle 50 innsjekkingsstadane, medan ein ivrig havstril logga heile 1 770 poeng åleine ved å padla på sju turmål i nærområdet sitt. Vedkommande fekk samla nest nest poeng av alle sankarar av poeng. Aller mest fekk Hans-Petter Bjånesøy henta, med sine 2 130 poeng.
Her er topp ti-lista:
- 1 Hans Petter Bjånesøy Innsjekk: 213 Ulike stadar: 50
- 2 Elisabeth Kalve Innsjekk: 177 Ulike stadar: 7
- 3 Erik Iden Insjekk: 153 Ulike stadar: 21
- 4 Ingunn Anne Berge Vik Talet på innsjekk: 101 Ulike stadar: 29
- 5 Kersti Østervold Innsjekk: 69 Ulike stadar: 50
- 6 Odd Arne Østervold Innsjekk: 60 Ulike stadar: 50
- 7 Monika Djupevåg Innsjekk: 55 Ulike stadar: 38
- 8 Doris Bakke Innsjekk: 52 Ulike stadar: 32
- 9 Hilde Klepsvik Innsjekk: 46 Ulike stadar: 32
- 10 Elin Merete Iden Innsjekk: 45 Ulike stadar 17
Deltakarpremie vert delt ut på klubbkvelden 23. oktober. Me trekkjer ut ut gåvekort på padleutstyr mellom alle som har delteke i konkurransen, og blant dei som har teke alle punkta er det trekking på gåvekort frå Bekkjarvik gjestgiveri.
Havstril sin konkurranse er open for alle, mellom 1. mai og 30. september.



Leave a Reply