Havstril padleklubb arrangerer klubbkveld på Bekkjarvik gjestgiveri. Set av kvelden torsdag 23. oktober klokka 19:30 og utover. Me kan by på mat frå staden og føredrag med bilete i regi eventyrar Cato Risløw og kajakk- og klatreinstruktør Ingrid Algrøy Sæle.
Eventyr på havet – eit føredrag om havkajakkpadling
Saman står dei med med solid erfaring i å formidla både tryggleik og turglede. Dei lovar å gje deg ein inspirerande og lærerik reise inn i havkajakken si verd – der ro, meistring og naturopplevingar møter adrenalin, teknikk og sikkerheit.
Om du er fersking, erfaren padlar eller berre nysgjerrig på havets eventyr – dette er føredraget som gjev deg lyst til å gripa fatt åra og utforska.

Trimturpoeng og påmelding
Som vanleg vert det delt ut deltakarpremiar for årets trimturpoeng – og me har trekning av hovudpremiane: Eit gåvekort på kr 2 500 med padleutstyr og ein middag for to på Bekkjarvik gjestgiveri.
Påmelding: Skriv e-post til info@havstrilpadleklubb.no om kven som melder seg på. Arrangementet er med mat, og det tilkjem ein liten eigenandel for dette for Havstril-medlemmar. Summen kjem me attende til. Arrangementet er òg ope for ikkjemedlemmar, men her tilkjem det ei kostnad på 300,- for maten som vert servert.



Leave a Reply