Måndag 11. november kl 19:30 inviterer Havstril pk til klubbkveld på Bekkjarvik gjestgiveri. Det vert servert burger med pommes frites frå det eminente kjøkenet, det vert trekt premiar på årets trimpoengkonkurranse og det vert sjølvsagt høve til dyk.
Hovudtrekkplasteret er likevel føredrag med bilete frå eit ekte padleventyr i dei djupaste kanadiske skogane. Føredragshaldar er Torbjørn Lundhaug, som òg driv kommersielt som padleguide. Det kan merkast at denne padleekspedisjonen er gjort med kano.
Om du vil melda deg på, er siste frist fredag 8. november klokka 15. Klubbkvelden er gratis for havstrilar, men eigenandel må påreknast for ikkje-medlemmar. Skriv e-post til info@havstrilpadleklubb.no for påmelding.



Leave a Reply