Folksamt og fascinerande på klubbkveld

Havstril padleklubb inviterte medlemmar og andre interesserte til føredrag om kanoekspedisjon (!) i Yukon Terretory i Canada ved Torbjørn Lundhaug, burger med pommes frites frå kjøkenet på Bekkjarvik gjestgiveri. Me fekk fine halvannan time i Galleriet, der ekspedisjonsleiaren tok oss med nedstraums på ei av Yukons elvearmar, Pelly River.

Medan canadiarane undra seg over kva nordmenn ville i den store audemarka, er det ikkje så vanskeleg å forstå med austevollske briller på. Pelly River ser ut til å mest vera det danskane kallar ein flod, altså ein brei, sakteflytande elv med få stryk og utfordringar, utanom svartbjørn og ein og annan risiko for grizzly. Sistnemnde er ein underart av vår eigen brunbjørn, men kan verta digre beist og vert rekna som farlegare enn den svarte slektningen.

Me var rundt rekna 20 havstrilar til stades, trass litt manne- og kvinnefall rett i førevegen, me fekk og trekt premiar i Årets trimturpoeng.
Hans Petter Bjånesøy var den som vann premien med gåvekort på Bekkjarvik gjestgiveri (trekt ut blant topp-tre-plasseringane), medan Aina Børresen trekte ut premien med eit gåvekort verdt kroner 2 500 i padleutstyr. Resultatlista kan du elles sjå her.

Leave a Reply

Discover more from Havstril padleklubb

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading