Alle kajakkar på sjøen 1. juni? Havstril markerer at ein lang seglast er i hamn – frå idé til ferdig hytte – var ein langt lengre overfart enn me trudde så me sette segl. Men no står ho der, som eit tilbod til dei som har eit hjarte for det enkle friluftslivet: Eit krypinn, eit skjul for vêr og vind. Med ein liten vedomn til å kveikja i på dei kalde vinterdagane (sjølv om du ikkje må stormfyra).
Det er varaordførar Renate Møgster Klepsvik (i si tid ein ivrig havstril), medlem av representantskapet til Bergen og omland friluftråd som står for opninga. Det finn stad klokka 14:00 på holmen ved Skårasundet.
Havstril padleklubb inviterer alle medlemmar til å padla ut til Kystturhytta. Enten gjer me det frå den gamle Vestviking-kaien eller frå klubbhuset på laurdagen. Det lumske vestlandsvêret bestemmer akkurat det.
Me fyrer i bålpanne om forholda tilliet.



Leave a Reply