Kystturhytta er i emning!

Me kostar på oss eit utropsteikn i tittelen: Då be sådde tanken om at Austevoll treng minst ei enkel hytte etter inspirasjon av buene som Nullmeteroverhavet reiste i Øygarden, har det teke lang tid før prosjektet flaska seg.

Ei av utfordringane var å få fullfinansiert prosjektet. Før pandemien var det vanskeleg å få lokale verksemder som ynskte å sjå på oppdraget, noko som auka kostnadane til langt meir enn det me hadde budsjettert med. Seinare når me hadde fått inn nok pengar til prosjektet, hamna me på ei kommunal prioriteringsliste for oppfylging og prioriteringar av investeringsprosjekt. Dette stoppa framdriften igjen, og me måtte trekkja det ut frå OPS-tankegangen me hadde lagt opp til. Til alt overmål trekte kommunen medfinansieringa til bygginga ved budsjetthandsaminga til 2024.

Eksempel på prosjekt av Biotope.

Då prosjektet tilsynelatande var daudt og gravlagd, bestemte me oss for å utforska moglegheitene likevel. Dei verdskjende arkitektane i Biotope leverer no eit så og seia nøkkelferdig bygg til oss på ein holme utanfor Skår på Hundvåkøy. Det er dermed redninga, og prosjektet er no under produksjon. Det vert prefabrikert modular, som skal transporterast ut til lokalitet med helikopter.

Me trur at Kystturhytta kan verta ein ettertrakta heilårsdestinasjon for padlarar, seglarar og andre som vert tiltrekte av det enkle friluftslivet. Ho vil òg verta ein viktig del av det regionale padlerutenettverket, og turar som vert budne saman av dette.

Kystturhytta vert reist i samarbeid med Bergen og omland friluftsråd.

Takk til Sparebanken Vest og Sunnhordland interkommunale miljøverk for uvurderleg støtte til prosjektet.

Leave a Reply

Discover more from Havstril padleklubb

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading