Padleklubben delar 55 av favorittplassane våre i Austevoll i årets trimpoeng. På nettsida Padleturar i Austevoll 2026 kan du lesa om konseptet, kva du treng for å vera med og kule premiar: Me har deltakarpremiar til alle som melder seg på og registerer seg på minst eitt av punkta.
Vidare er det uttrekking av ein middag for to på Bekkjarvik gjestgiveri blant dei som har registrerert seg på flest av dei ulike punkta. Elles er det trekking av gåvekort på 2.500 bant alle deltakarar som har registrert turar.
Du kan konkurrera med det sjølv i å plukka flest mogleg poeng. Du kan registera same punktet fleie gongar, men med eitt døgers avstand frå kvar innlogging.
Lenke til konkurransesida.
Nytt av året er at me gjev ekstra poeng for einskilde krevjande plassar, men hugs at du må padle etter evne, og fylgja padlevitreglane.
Det kostar skarve 100 kroner å delta, og padleturar er opne frå 1. mai til 30. september.



Leave a Reply