Category: Uncategorized
-

Det er travle dagar på mange frontar for aktivitetsleiarane i Havstril (i tillegg til at dte var vore mykje både kaldt og dårleg vêr så langt i sesongen), men tysdag den 16. juni set me opp ei fellespadling frå Vassverket inst i Heimarkpollen kl 19. Ein perfekt måte å varma opp til Noregs VM-kamp i…
-

I dag var Odd Arne og Trond inviterte til utdeling av allmennyttige midlar hos Sparebanken Norge på Storebø. Det fekk me eit tungt napp på pengegåva me hadde søkt på, og vart tildelt fabelaktige 300 000,- Havstril padleklubb har planar om å gjera grep med det flotte rammeverket klubbhuset gjev for auka aktivitet. I andrehøgda…
-

Denne veka haldt me det fyrste introkurset for året i padleklubben. Det var ein fin blanding av folk som hadde den fyrste smaken sin av kajakk, og eit par som ynskte å friska opp kurset dei tok for nokre år sidan. EIt introkus tek berre tre-fire timar, og skal inspirera til meir padling. Me tek…
-

Me tilbyr gratis deltaking på introkurs tirsdag 2. juni kl 18 på Sveholmen for Havstril-medlemmar (noverande eller ved nyinnmelding) for folk som alt har introkurset eller grunnkurset, men kunne hatt lyst på ei oppfrisking for å komma i gang igjen. Me har ledige vanlege plassar for die som ikkje har kurs frå før, men ynskjer…
-

Havstril padleklubb har i mange år vore strålande nøgd med flåten vår. Takka vera god klubbøkonomi, lokale sponsorar og langsiktig plotting på utstyrskartet vårt, har me vore lukkelege over havkajakkar på aller øvste hylle. I år har me likevel gått til innkjøp av ein ny kajakk. Me har i stor grad sverga til britiske-fabrikerte kajakkar…
-

Det er meldt utmerka torsdagsvêr denne veka. Trass i padlefestival på Sotra, set me opp lokal tur. Den går tentativt frå Bekkjarvik til Lunnøy og langs Selbjørnslandet attende. Gode høve til å plukka fleire trimturpoeng under vegs. Ta med noko å bita i og ein sjokolade eller neter for ein kjapp landgang på Lunnøy.
-

Denne veke fekk Havstril superkjekt besøk frå Austevoll ungdomsskule. Åttendetrinnet sine valfagselevar i friluftsliv og to lærarar kom på besøk – og fekk løyst ut våttkorta sine. Me delte dei i to grupper, med ti elevar på vatnet frå klokka åtte til halv tolv, og ni elevar på vatnet etter lunsj. Lærarane, Sander og Marie,…
-

Me inviterer til dugnad i klubbhuset måndag 18. mai kl 18:00 og håpar så mange som mogleg har høve til å bli med. Oppgåver me skal utføra: Rydding inne i klubbhusetSortering av padaleklede og utstyrKoste gulvMontering av kajakkstativRydda ute og inneEventuelt sjp over båter og utstyr Ta gjerne med:ArbeidshanskarVerktøy Jo fleire me vert, desto raskare…
-

I kajakken ved Vassverket til klokka 18:30. Me set ikkje opp kajakktransport frå Sveholmen, men om nokon treng, er det sjølvsagt berre å henta. Høve til å plukka trimturpoeng vert det òg. Påmeldingslenke.
-

Odd Arne inviterer til ein litt lengre tur med utgangspunkt på Sveholmen onsdag 6. mai. Det er meldt pent vêr, og me satsar på å setja kursen over Horgefjorden om vinden held seg på eit skapeleg nivå. Oppmøte på Sveholmen. Hugs at du er klar i kajakken til klokka er 18. Påmeldingslenke via padleboken.

