Endeleg nytt skrog i flåten

Havstril padleklubb har i mange år vore strålande nøgd med flåten vår. Takka vera god klubbøkonomi, lokale sponsorar og langsiktig plotting på utstyrskartet vårt, har me vore lukkelege over havkajakkar på aller øvste hylle.

I år har me likevel gått til innkjøp av ein ny kajakk. Me har i stor grad sverga til britiske-fabrikerte kajakkar dei siste åra, med vekt på Nigel Dennis’ Sea Kayaking UK sine ulike variasjonar over Romany-temaet. I år skiftar me land, men ikkje kontinent, med ein Skim Braveheart.


Eian fritid skriv dette om båten:

Skim Braveheart TR er en leken og responsiv havkajakk for medium til store padlere. Den kombinerer høy manøvrerbarhet med god fart og gir deg full kontroll i bølger, samtidig som den fungerer godt til turpadling.

Hvem passer denne for? Denne kajakken passer for medium til store padlere (70–105 kg) som ønsker en aktiv og leken kajakk. Egner seg godt for viderekomne og erfarne padlere som vil utvikle ferdigheter.

Sjølve opplever me han som meir leiken enn ein Romany Classic, men med noko lågare sekundærstabilitet.

Kajakkenhar fått nummer 19 i padleboken.

Leave a Reply