Category: Uncategorized
-

Havstril har ein rest av gode ullbuffar i mjuk merinoull att etter årets utdeling og utsending av premiar i trimpoengkonkurransen vår. Ein god buff blir din for 300 kroner + 38 kroner i porto viss han må sendast. Send oss ein mail på info@havstrilpadleklubb.no med namn, andresse, postnr, stad + mobnr om du vil ha…
-

Hans-Petter Bjånesøy var den ivrigaste av dei ivrigaste på trimturane i sommar. På klubbkvelden denne veka fekk han diplom som årets trimpoengmeister, samt at han var heldig å vinna middag for to på Bekkjarvik gjestgiveri i konkurranse med ekteparet Kersti og Odd Arne Østervold. Alle tre hadde besøkt samtlege 50 turmål i konkurransen. Padleutstyr for…
-
North Sea Shipping har ògså i 2025 bidrege med sponsorstøtte til padleklubben, som i storleiken sin er rett så instrumentell i klubbøkonomien. Me takkar hjarteleg for støtta og sender varme tankar kvar gong me padlar forbi Kvaløyas sørvestre punkt!
-

Torsdag er det Aksjon rein Hardangerfjord, og kva er vel betre enn å kombinera padling med ein innsats for strendene og svaberga me er så glade i. Me tek med storsekkar og ryddeutstyr og allierer oss med fastbuande på Blænes i å rydda denne vika. Rettnok er me i utkanten av det me normalt vil…
-

Me padlar frå Leirvika og set mest truleg kursen nordover til Lunnøy. Kan bli høve å plukka ein del trimturpoeng på vegen. I kajakken til klokka 18:30. Det vert høve til å henta kajakk og utstyr på Sveholmen. Møt opp klokka 17:40. Påmeldingslenke.
-

Det er meldt litt nordavind, så me tek sikte på å padla i livd for det verste. Kanskje me utforskar alle vågane og holmane rundt Melingsvågen, der me padlar frå. Kajakkar og utstyr kan hentast på Sveholmen frå klokka 18:20. Eirik køyrer hengjaren. I kajakken klokka 19. Her er påmeldingslenken.
-

I distanse er det kanskje ikkje så ambisiøst å padla rundt Stora Kalsøy, men det er eit vêrutsett stykke på vestsida. Det er likevel meldt strålande padletilhøve, nesten utan vind, og padleklubben stiller med fleire aktivitetsleiarar på turen. Det byrjar verta mørkt om kveldane, så om du har hovudlykt må du gjerne ta det med.…
-
Laurdag 6. september arrangerer me to små arrangement med fokus på eskimorulla og teknikk. Det er to ulike påmeldingar. Rulla er oppstart klokka 10:00, medan klokka 13:30 er oppstart for teknikk-workshop. Me har invitert dyktige Bernt Skeie til å vera coach på desse to arrangementa. Deltaking er gratis for havstrilmedlemmar. Eskimorulla frå klokka 10:00 Teknikk…
-

Me kan arrangera padling frå Beinskrokjen denne torsdagen. Vindretningen funkar ganskre greitt for å padla ved Drønen etc. Men vil gjerne ha ei attendemelding på interesse. Kommenter gjerne på posten eller på klubbens FB-side.
-
Det er ganske enkelt meldt litt for heftig vind (opptil 18 sekundmeter, eller stiv kuling) for at me trygt kan gjennomføra padling.

