Stora Kalsøy Rundt torsdag

I distanse er det kanskje ikkje så ambisiøst å padla rundt Stora Kalsøy, men det er eit vêrutsett stykke på vestsida. Det er likevel meldt strålande padletilhøve, nesten utan vind, og padleklubben stiller med fleire aktivitetsleiarar på turen.

Det byrjar verta mørkt om kveldane, så om du har hovudlykt må du gjerne ta det med. Padleklubben har ein del diodelys til bruk på einskildkajakkar.

NB! Grunna gult farevarsel om mykje lyn lokalt, og samanfall med den lokale vêrmeldinga i dei timane me skulle vore på sjøen, ser me oss nøydde til å avlysa padlinga.

I kajakkane på Sveholmen til klokka er 18. Påmeldingslenke.
Hugs at me har ny kode på klubbhuset. Send SMS til 98874253 om du ynskjer å vera tidleg ute.

Leave a Reply

Discover more from Havstril padleklubb

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading