Category: Uncategorized
-

Det er meldt flott padlevêr på onsdag. Me flyttar difor padledagen vår fram 24 timar. Padlinga vert med avgang frå Leirvika, nedanfor Bekkjarvik kyrkja. Ein kan sjølvsagt henta kajakk på Sveholmen, men me har enno ikkje nokon som har lyst til å køyra kajakkhengjaren. Vil du gjera dette, send ein SMS til Trond på 98874253.…
-

5. juli 2006 var ein varm sommardag. Ei handfull padleinteresserte menneske møttest under ein parasoll på Bekkjarvik gjestgiveri, og Havstril padleklubb vart ein realitet. Overraskande nok var me ti-tolv padlarar som deltok på den fyrste klubbturen, Drønen rundt. På turen møtte me ein annan padlar, som like godt melde seg inn og vart den aller…
-

Kvart år inviterer Havstril padleklubb til Padleturar i Austevoll. Det er ikkje i utgangspunktet meint som ein konkurranse mellom padlarar, men kanskje mest som ein spore til å padla meir. Utgangspunktet er ein applikasjon som du kan lasta ned på mobilen din, registrera deg i konkurransen og padla i veg. Me har teke utgangspunktet i…
-

Det vert regulær torsdagspadling frå Sveholmen. No som temperaturane er i ferd med å auka, er det berre å hiva seg ut av den forlenga vinterdvala og kasta seg i kajakken. Me satsar på å padla i retning av Horgo eller langs Hundvåkøy-landet, litt avhengig av om dei greie vêrmeldingane held seg. I kajakken til…
-

Det er travle dagar på mange frontar for aktivitetsleiarane i Havstril (i tillegg til at dte var vore mykje både kaldt og dårleg vêr så langt i sesongen), men tysdag den 16. juni set me opp ei fellespadling frå Vassverket inst i Heimarkpollen kl 19. Ein perfekt måte å varma opp til Noregs VM-kamp i…
-

I dag var Odd Arne og Trond inviterte til utdeling av allmennyttige midlar hos Sparebanken Norge på Storebø. Det fekk me eit tungt napp på pengegåva me hadde søkt på, og vart tildelt fabelaktige 300 000,- Havstril padleklubb har planar om å gjera grep med det flotte rammeverket klubbhuset gjev for auka aktivitet. I andrehøgda…
-

Denne veka haldt me det fyrste introkurset for året i padleklubben. Det var ein fin blanding av folk som hadde den fyrste smaken sin av kajakk, og eit par som ynskte å friska opp kurset dei tok for nokre år sidan. EIt introkus tek berre tre-fire timar, og skal inspirera til meir padling. Me tek…
-

Me tilbyr gratis deltaking på introkurs tirsdag 2. juni kl 18 på Sveholmen for Havstril-medlemmar (noverande eller ved nyinnmelding) for folk som alt har introkurset eller grunnkurset, men kunne hatt lyst på ei oppfrisking for å komma i gang igjen. Me har ledige vanlege plassar for die som ikkje har kurs frå før, men ynskjer…
-

Havstril padleklubb har i mange år vore strålande nøgd med flåten vår. Takka vera god klubbøkonomi, lokale sponsorar og langsiktig plotting på utstyrskartet vårt, har me vore lukkelege over havkajakkar på aller øvste hylle. I år har me likevel gått til innkjøp av ein ny kajakk. Me har i stor grad sverga til britiske-fabrikerte kajakkar…
-

Det er meldt utmerka torsdagsvêr denne veka. Trass i padlefestival på Sotra, set me opp lokal tur. Den går tentativt frå Bekkjarvik til Lunnøy og langs Selbjørnslandet attende. Gode høve til å plukka fleire trimturpoeng under vegs. Ta med noko å bita i og ein sjokolade eller neter for ein kjapp landgang på Lunnøy.

