Denne veka haldt me det fyrste introkurset for året i padleklubben. Det var ein fin blanding av folk som hadde den fyrste smaken sin av kajakk, og eit par som ynskte å friska opp kurset dei tok for nokre år sidan.
EIt introkus tek berre tre-fire timar, og skal inspirera til meir padling. Me tek alltid for oss grunnleggjande teknikk og tryggleiksøvingar når me held slike kurs, som òg resulterer i våttkort. Me vil gjerne oppmoda om å gå vidare på våttkortstigen (hav er det som er aktuelt for oss), med å ta særleg det meir utfyllande grunnkurset (16 timar), men òg det utruleg kjekke teknikkurset.
Om du ei privatperson eller har ansvaret for eit firma, og har interesse av eit kurs med padleklubben i Austevoll, berre ta kontakt på e-post, så skal me heilt sikkert få noko til.
Kurs med våttkort kostar 500 kroner, men føreset at du løyser medlemsskap for kursåret for 750,- samstundes. Det gjev deg tilgang til eit vel av topp utstyr.



Leave a Reply