Stor gåve frå sparebanken

I dag var Odd Arne og Trond inviterte til utdeling av allmennyttige midlar hos Sparebanken Norge på Storebø. Det fekk me eit tungt napp på pengegåva me hadde søkt på, og vart tildelt fabelaktige 300 000,-

Havstril padleklubb har planar om å gjera grep med det flotte rammeverket klubbhuset gjev for auka aktivitet. I andrehøgda ligg mykje til rette for at ein kan rehabilierta og byggja opp på nytt slik at me kan ha enkel overnatting, møte, ein varm plass å vera når me har teoribitar knytt til kurs med meir.

Me takkar Sparebanken Norge både for denne særs rundhanda gåva, men òg midlane me fekk i samband med Kystturhytta, der banken både var med på å gje oss midlar til arkitektteikningane, og deretter nok pengar til at me fekk ferdigsstilt prosjektet. Hjarteleg takk!

(bilete viser Odd Arne og Trond frå padleklubben, saman med Ragnhild og Turi Helen frå Sparebanken Norge).

Leave a Reply