Padleklubben fyller 20 år

5. juli 2006 var ein varm sommardag. Ei handfull padleinteresserte menneske møttest under ein parasoll på Bekkjarvik gjestgiveri, og Havstril padleklubb vart ein realitet. Overraskande nok var me ti-tolv padlarar som deltok på den fyrste klubbturen, Drønen rundt. På turen møtte me ein annan padlar, som like godt melde seg inn og vart den aller fyrste om betalte kontingenten etter at me fekk oppretta konto i den lokale banken.

20 år seinare har me etablert oss med klubbhus på Sveholmen, ein kajakkflåte me har all grunn til å vera stolte over – og at me klarte å gjennomføra reisinga av den arkitektteikna Kystturhutta ved Skårasundholmen fortener òg ein klapp på skuldra.

Me har losa fleire hundre austevollingar gjennom introkurset i havpadling, og arrangert eigne opplegg for barn og unge. Fyrst med eigen ungpadling, sommarskule og fast skuleavslutting av sjuandeklassingane frå minst ein av skulane på holmane.

Me kan supplera med trimturpoeng, lokalkunnskap om kor du kan få dei finaste padleopplevingane … Og på det meste har me hatt 175 betalande medlemmar i eit kalenderår, medan det mest typiske medlemsstalet har vore mellom 115 og 135 medlemmar til ei kvar tid.

Om vêret vert bra den fyrste helga i juli, ser me for oss å feira bursdagen med ein fellestur, litt grilling og om me er heldige ei medbragt bursdagskake.

(Foto: Havstrilar ved Blænesøya 2006. Fotoet er originalt, men bearbeidd).

Leave a Reply