Kom deg ut med Padleturar i Austevoll

Kvart år inviterer Havstril padleklubb til Padleturar i Austevoll. Det er ikkje i utgangspunktet meint som ein konkurranse mellom padlarar, men kanskje mest som ein spore til å padla meir. Utgangspunktet er ein applikasjon som du kan lasta ned på mobilen din, registrera deg i konkurransen og padla i veg.

Me har teke utgangspunktet i ei rekkje interessante stadar, mellom anna kan du lesa sette på Gygrarævo (!) i Heimarkpollen på konkurransesida vår “Dette ser ut til å vera eit avtrykk i berget. Segna er at ei Gyger, altså ei svær trollkvinne, som i kamp med ei anna om å dra Straumsøya til seg var så uheldig at tauet slitna. Ho datt på ræv og traff berget på neset på i sida av Heimarkpollen.

Snl.no skriv at i “folketroen forstås gygrene som kvinnelige troll. I likhet med trollene er de gjerne enormt store og holder til i dype skoger og fjell hvor de ofte bor i fjellhuler. Gygrene har et hatefullt forhold til kirker og kristendommen, og i flere sagn kaster de veldige fjellblokker etter kirker.””

Dei fleste stadane me har valt ut har ein eller annan historisk forankring, medan andre kanskje berre er vakre stadar me er blitt kjende med.

Premiar: Uttrekking av premiar blant dei som har flest ulike turmål: Middag for to på Bekkjarvik gjestgiveri. Gåvekort på kr 2500 i padleutstyr trekt blant alle som registrerer minst eitt turmål. I tillegg fin detakarpremie til alle.

Her er konkurransesida.

Leave a Reply

Discover more from Havstril padleklubb

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading