Me ryddar Blænesøya

Torsdag er det Aksjon rein Hardangerfjord, og kva er vel betre enn å kombinera padling med ein innsats for strendene og svaberga me er så glade i. Me tek med storsekkar og ryddeutstyr og allierer oss med fastbuande på Blænes i å rydda denne vika.

Rettnok er me i utkanten av det me normalt vil tenkja på som Hardangerfjorden, men me let ikkje det stogga oss.

Me har vore maksimalt uheldige med vêret, og lyt desverre avlysa. Blænesøya er ikkje den rette staden å rydda eller å vera i kajakk i 17 sekundmeter sønnavind, med mindre du er ute etter å rockhoppa og kosa deg med bylgjene i kompetent selskap.

Påmelding for havstril-medlemmar her. Dei som ikkje er Havstrilar-kan gjerne melda frå på SMS 98874253 at dei kjem.

Les meir om aksjonen her.

Havforskingsinstituttets temasider om plastureining i havet.

Leave a Reply

Discover more from Havstril padleklubb

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading