Denne veke fekk Havstril superkjekt besøk frå Austevoll ungdomsskule. Åttendetrinnet sine valfagselevar i friluftsliv og to lærarar kom på besøk – og fekk løyst ut våttkorta sine. Me delte dei i to grupper, med ti elevar på vatnet frå klokka åtte til halv tolv, og ni elevar på vatnet etter lunsj. Lærarane, Sander og Marie, var òg med og fann seg like raskt til rette i kajakken som dei yngre deltakarane.
Me gjekk gjennom alle punkta som høyrer introkurset til, fekk padla ein kort tur med kvar gruppe og gjennomgått og demonstrert kameratredning, som elevane deretter fekk gjennomført med frydefulle kvin.
Det vart grilla, og etterkvart som sola tok spenntak på regn og ein grå morgon, fekk me alle ein fin dag. Havstril vart representert ved Trond H., men kompetent assistanse frå Bernt S.





Opplegget er støtta med ungdomsmidlar frå Norges padleforbund.



Leave a Reply