Category: Torsdagspadling
-

Det er vår i lufta, temperaturen kryp ustadig oppover gradestokken, og det vert lysare om kveldane. Kva er vel betre enn å hiva seg i kajakken og setja kursen mot holmane og skjerma rundt Lunnøy? Ein må sjølv syta for transport av klubbkajakk om det er naudsynt – og klubhengjaren er akkurat no ute av…
-

Me håpar me vert heldigare med vêret denne veka, og satsar på oppstart frå naustet klokka 18:00. Påmeldingslenke: https://padleboken.no/logg/?EVENT=375
-

Det er meldt stiv kuling i kveld/ettermiddag, så dermed avlyser med padlinga. Me padlar frå Sveholmen torsdag 23. mars klokka 18. Kort tur for å få att den god kjensla. Bruk denne lenken for påmelding.Korleis du opprettar brukarprofil og registrerer lånet kan du lesa om her.
-

Medan det tilsynelatande blas kuler og krut mange stadar rundt øyane, var det i tråd med køyreplanen lugnt på torsdagspadlinga frå Juthola, kring Lunnøy og langs Selbjørnslandet attende til badeplassen ved Bekkjarvik. Det er ikkje for ingenting av turen er ein av favorittane til mang ein havstril. Du kan ofte få smaka litt på havdønninar,…
-

Når nordavinden stikk kjeppar i hjula for padletur til Lunnøy, ordnar austevollnaturen opp for gode naudløysingar. Då aktivitetsleiar Trond køyrde over Selbjørnsbrua om morgonen torsdag, gjekk det kvite skavlar på toppane av bylgjene som raste om kapp mot Bekkjarviksundet. I 18–19-tida skulle det verta endå eitt hakk verre. Drønspollen- og kanskje Busepollen kunne vera rett…
-

I staden for å avlysa torsdagspadlinga, flyttar me henne inn i skjerma farvatn: Drøns- og Busepollen. Me padlar frå småbåthamna i Beinskroken. Møt opp og ver i kajakken til klokka 18:30. Påmeldingslenke.
-

Me fekk kost oss på torsdagspadlinga, smått ufyselege vindtilhøve på Horgefjorden då me stakk ut i retning Svartaskjeret. Med havdønningar og litt grapsete, skiftande vindreting, padla me over Kalsvika, ut mellom Indreøyane og Yrteøyane i det smale smettet der, utforska eit part viker me ikkje er for ofte i. Me padla 11,5 kilometer på om…
-

Me padlar frå Sveholmen klokka 18:30. Påmelding via denne lenken.

