Eit pust av haust

Medan det tilsynelatande blas kuler og krut mange stadar rundt øyane, var det i tråd med køyreplanen lugnt på torsdagspadlinga frå Juthola, kring Lunnøy og langs Selbjørnslandet attende til badeplassen ved Bekkjarvik.

Det er ikkje for ingenting av turen er ein av favorittane til mang ein havstril. Du kan ofte få smaka litt på havdønninar, sunda og holmane som omgjev Lunnøy på aust- og nordsida er på dei rette dagane som eit måleri av Christian Krogh – og me har ei fin lita vik ved Lunnøykalven der me likar å gjera strandhogg. Leiaren hadde med seg te og kjeks, medan Stina varta opp med heimelaga lappar/sveler frå takka til svigermor. Takk til Gloppo for godsakene!

Det var åtte av oss som fekk stifta kjennskap med Litla Lunnøys bestand av havørner. Dei glei i mot oss frå tretoppane, vekk nok høgde og sigla over den vesle skogen på austsida. Medan vinden hadde dreidd, fekk me nokre dovne bylgjer som rulla inn frå Stolmalandet på overfarten til Lunnøy. Akkurat nok til at overfarten ikkje vart keisam.

Nokre likte å terga alda på vegen. Det var ikkje så mykje, men nok til å vera observant på at det kan vera krefter i sjøen sjølv når det er flatare hav.

Inklusive pausen var me borte tre og ein halv time. Me padla om lag 16 kilometer, og det mørkna godt siste halvtimen. Det er dermed verdt å hugsa på å ta med seg lys, lanterner og eventiuelt hovudlukt på tur no som hausten bankar på døra.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s