Lukka er ein stille poll …

Når nordavinden stikk kjeppar i hjula for padletur til Lunnøy, ordnar austevollnaturen opp for gode naudløysingar. Då aktivitetsleiar Trond køyrde over Selbjørnsbrua om morgonen torsdag, gjekk det kvite skavlar på toppane av bylgjene som raste om kapp mot Bekkjarviksundet. I 18–19-tida skulle det verta endå eitt hakk verre.

Drønspollen- og kanskje Busepollen kunne vera rett så høvelege stadar å duppa padleåra, og sosiale medium vart oppdaterte og deltakarar informerte. Kjekt var det då at me kom trekkjande med til saman sju kajakkar og padlarar til Beinskroken.

Me padla innom Storevika, der det lenge var eit aktivt steinbrot. Etter fleire tiår er det ikkje må mykje att som minnar om tidlare tiders næring. I vika utanfor er det dagens næring som rår i den små bylgjene: Store mengder oppdrettsflåtar og utstyr i opplag.

Sjølve Drønspollen er eit avslappa stykke Austevoll. Sjølv på ein kald sommardag med stri motvind finn me mykje å kvila auga på: Nokre av sjøhusa er komme til heider og vørnad igjen, me undrar over om blåsjela kan eigna seg til å kvitvindampast, og me skodar havørnene som leikar seg i nordavinden over Huftarøylandet.

På veg under gangbrua som gjer det lett å komma seg til den såkalla Flymyra.

Under gangbrua som gjer at du kan gå til Storamyra, som mange enno kallar Flymyra etter den dramatiske nedskytinga av eit britisk jagar-bomberfly i 1941, var det straum på veg ut av pollen. Me bisna litt under brua som binder Drønen til Huftarøy, berre for å konstatera at nordavinden enno var i heftigaste laget.

To av oss som er aktive på trimpoenga, noterte oss for poeng i Instepollen før me padla attende der me kom frå. Etter rundt fem kilometer i motvind var det godt å få ei lita bør med på vegen attende til Beinskrokjen.

Det sju havstrilane padla 9,7 kilometer og var rett så nøgde med turen då me sette puselankane på flytebryggja i Beinskroken.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s