Fyrste sommarferieveka gjekk Sjøsprøyt sommarskule av stabelen ved Spissøy og Sveholmen. Sommarskulen er eit samarbeid mellom Austevoll seilforening og padleklubben, støtta frå Sparebanken Vest og for padleklubbens del Norges padleforbund.
Me hadde 30 deltakarar, og mange av dei var ferske i kajakken. Derav fekk me delt ut 21 våttkort til deltakarane. Dei fleste var frå mellomtrinnet på barneskulen, komplementert av ei god gruppe i ungdomsskulealder. Dei unge padlarane og siglarane kom både frå Austevoll og nabokommunen i nordvest.
Det vart òg tid til bading, moro på SUP-brett, og stuping og hopping frå gangbrua mellmom Sveholmen og Spissøy.
Og to timar etter at sommarskulen var over, fekk me spørsmål om deltaking i 2024. Me vil tru at vedkommande hadde storkost seg.
Alle fotos: Inge Tøkje.
























































Leave a Reply to Stig HenriksenCancel reply