Author: Havstril padleklubb

  • På vestsida av Stora kalsøy

    På vestsida av Stora kalsøy

    Ni padlarar sette ut frå klubbhuset 19:40 måndag. Kursen ble satt sørvestover rundt Stora Kalsøy. Roleg vind, men litt bølgjerestar møtte oss på sørsida av Kalve. Grunna mange småskjær var det litt rotete sjø og me var på grensa til om å måtta vurdera retur, men haldt god avstand til land då me runda rundt […]

  • Krossøy og Skårasundet med meir

    Krossøy og Skårasundet med meir

    Først gikk turen fra Skår (Vestviking sin kai) til Fatavågen. Deretter padla me videre til Stuvsholmene og såg på bademoglegheiter og fikk tips om fine plassar å snorkla. Derfrå vidare til Skåraholmene og nye badeplassar – vidare rundt Skårøyna til Ryarbåsen på Krossøy der me strekte på beina. Etter pausen gikk turen videre rundt Krossøya […]

  • Torsdag frå Vestviking-kaien

    Skår/ Hundvåkøy. SMS 988 74 253 om du treng hjelp til å transportera kajakk (NB! Har du hengjarfeste og kan køyra kajakkhengjaren 3 km t/r gje lyd). I båtane til klokka 18:30 påmelding via denne lenken.

  • Lukka er ein stille poll …

    Lukka er ein stille poll …

    Når nordavinden stikk kjeppar i hjula for padletur til Lunnøy, ordnar austevollnaturen opp for gode naudløysingar. Då aktivitetsleiar Trond køyrde over Selbjørnsbrua om morgonen torsdag, gjekk det kvite skavlar på toppane av bylgjene som raste om kapp mot Bekkjarviksundet. I 18–19-tida skulle det verta endå eitt hakk verre. Drønspollen- og kanskje Busepollen kunne vera rett […]

  • Kurs med Kersti og Odd Arne

    Kurs med Kersti og Odd Arne

    Klubbens ferske aktivitetsleiarar Kersti og Odd Arne haldt sitt fyrste introkurs for ni nye havstrilar i ulike aldrar. Dei melder om eit kjekt kurs, der fleire av deltakarane òg gjerne har lyst på ei utviding med grunnkurs seinare i sesongen. Dette er noko me uansett har ynskje å komma attende til på eit seinare tidspunkt.

  • Torsdagspadling flytta: Beinskroken.

    Torsdagspadling flytta: Beinskroken.

    I staden for å avlysa torsdagspadlinga, flyttar me henne inn i skjerma farvatn: Drøns- og Busepollen. Me padlar frå småbåthamna i Beinskroken. Møt opp og ver i kajakken til klokka 18:30. Påmeldingslenke.

  • Kurs måndag, utstyr reservert

    Kurs måndag, utstyr reservert

    Me held nytt fullteikna padlekurs måndag 11. juli klokka 18:00. Det betyr at alt utstyr i naustet er reservert til denne aktiviteten frå klokka 17:30.

  • Over Kalsvika

    Over Kalsvika

    Me fekk kost oss på torsdagspadlinga, smått ufyselege vindtilhøve på Horgefjorden då me stakk ut i retning Svartaskjeret. Med havdønningar og litt grapsete, skiftande vindreting, padla me over Kalsvika, ut mellom Indreøyane og Yrteøyane i det smale smettet der, utforska eit part viker me ikkje er for ofte i. Me padla 11,5 kilometer på om […]

  • Torsdagspadling frå Sveholmen

    Torsdagspadling frå Sveholmen

    Me padlar frå Sveholmen klokka 18:30. Påmelding via denne lenken.

  • Introkurssesongen i gang

    Ti ferske havstrilar fekk i tidenes sommarvêr grunnleggjande innføring i padlelivets gleder og farer torsdag. Aktivitetsleiar Trond med hospitantane Kersti og Odd Arne gjekk gjennom effektiv framdriftsteknikk, Kameratredning (og cowboyredning for dei aller ivrigaste). Me fekk òg tid til ein fin liten tur rundt Spissøy i det fantastiske sommarvêret. Innhaldet i eit introkurs kan du […]