Årsmelding Havstril padleklubb 2023

Noko av det kjekkaste me ser i padleklubben vår, er at me har aktive medlemmar frå tidleg tenåra til langt oppe i 70-åra. Høgdepunktet i 2023 var nok Sjøsprøyt sommarskule, der me for fyrste gong samarbeidde med Austevoll seilforening, Asf, om opplegget, som me håpar å vidareutvikla i åra som kjem.

Havstrilstyret består i 2023 av Trond Hagenes (leiar), André Hole (nestleiar), Katrine Hausberg (ungdomsrepresentant), Kersti Østervold og Hilde Elisabeth Klepsvik. Me har avhalde to fysiske styremøte etter årsmøtet, og har laupande kontakt om avklaringar som kan gjerast utanom fysiske møte. Rune Hevrøy, Doris Beate Bakke og Therese Melvær var vore varamedlemmar.

2023 vart eit annleis år enn me har vore vande i perioden under og like etter pandemien, då me opplevde eit stort oppsving i interesse for kurs og aktivitetar. 2023 vart såleis ein korreks, og for fyrste gong sidan kajakklubben vart stifta for 18 år sidan med merkbar reduksjon i medlemsmassen. Likevel ligg me like over det nokså stabile nivået me hadde før covid-19 råka verda.

Per Teigen, ein av dei eldre, men særs aktive havstrilane, ved Sengane sommaren 2023.

I 2023 hadde me totalt 142 medlemmar, 63 av dei menn og 79 kvinner. 24 av dei var under 19-gamle. Av desse igjen var det 17 gutar og 7 jenter. Til samanlikning stod medlemsskapet i 2022 på 175 medlemmar, og 44 barn/ungdommar. Viktig er det å merka seg at dei 30 deltakarane på sommarskulen deltok gratis, og berre eit fåtal av dei er òg medlemmar. Me fekk òg besøk av elevar frå sjuandeklasse på Storebø skule på Sveholmen. Ein kjekk tradisjon.

Kanskje interessa for padling vart meir eller mindre metta med særs omfattande kursaktivitet i åra ’20, ’21 og ’22, men det var altså veldig lav aktivitet på introkurssida – me hadde to kurs, og ingen av dei var fullteikna. Me forsøkte å samla nok deltakarar til ein grunnkurs, men dette fekk me ikkje gjennomført. Til gjengjeld var det gledeleg å ha eit fullt 16-timars teknikkurs i juni.

Fyrste veka i skuleferien arrangerte padleklubben saman med segleforeininga for fyrste gongen sommarskule saman. 30 ungdommar fekk vera på to ulike grupper, sigla mellom anna optimistjoller to dagar og padla to dagar. Siste dagen var det fri aktivitet. Me har evaluert opplegget saman med Asf, og kjem til å stilla med ein endå meir gjennomtenkt sommarskule i 2024.

Sjøsprøy sommarskule vart ei kjekk oppleving. Foto: Inge Tøkje

Sesongen gjennom har me tilbydd torsdagspadling for medlemmane våre, berre stoppa av uvêr. Me nytta stort sett heile kommunen til padleturane våre, men prøvde å setja opp Sveholmen som utgangspunkt annakvar veke. Ved bruk av klubben sin kajakkhengjar fekk me òg større mobilitet, så lenge me hadde villig sjåfør med hengjarfeste tilgjengeleg. Det er enno stadar i Austevoll havstrilane ikkje frekventerer så ofte, som Trollsøy der ferja passerer på veg frå Hufthamar til Krokeide og attende. I 2023 tok me turen og leiaren sa nokre ord om krigshistorie knytt til den vesle øya heilt nordaust i øyriket vårt. Alt i april var med tosifra med deltakarar på klubbpadling til Horgekalven, og talet på deltakarar haldt seg stabilt høgt resten av sesongen. Me har òg hatt ein liten strandryddeaksjon mellom Norde og Søre Navvågen, der me og la ut terrassebord slik at det vert lettare å bera kajakkar den korte vegen mellom dei to vågane.

Det kan sjølvsagt òg trekkjast fram at ferdsel i lokalnaturen har ei utmerkt innverknad på helsa, og kan vera med å førebyggja både fysisk og psykisk sjukdom, eller nyttast aktivt i behandlinga av ei rekkje sjukdomar. Denne artikkelen fordel om mange av helsevinstane ved å vera aktiv i naturen.

Morten Drønen er ein av dei som kvart år er blant dei ivrigaste på sommarturane til padleklubben.

Også i 2023 hadde me Trimturpoeng-konkurranse, der heile fire deltakarar tok alle dei 25 destinasjonane. Opplegget går ut på å logga fine padlestadar du er innom, via applikasjonen Trimturpoeng. I år hadde me fokus på stadar som er kjende frå lokalhistorie og segner, som ein kunne lesa kort om på konkurransesida. Det vanka kule premiar til alle som hadde registrert seg og logga minst ein av dei 25 lokalitetane. Hans Inge Gloppen vann hovudpremien, ein middag for to på Bekkjarvik gjestgiveri, og Eirik Bendiksen fekk den andre premien, eit gåvekort på padleutstyr. Dei vart trekte ut på klubbkvelden me hadde i Austevollbadet, er Kersti Østervold hadde ein flott presentasjon av sommarturen ho og ektemannen Odd Arne hadde i Lofoten i historisk flotte vêrtilhøve.

Havstril padleklubb oppgraderte både flytebryggja vår og investerte i ei om-bordstigningsbryggje. Den siste biten kjem på plass i 2024, sidan ho er bygd på dugnad. Materialkostnadane er nesten i heilskap dekka av idrettsmidlar frå Austevoll kommune. Ei om-bordstigingsbryggje er gull verdt for å gjera det lettare å entra og stiga av kajakken for mellom andre eldre og svaksynte. Me oppdaterte samstundes klubbhuset med nye armatur i kajakklageret og nye utelys med rørslesensorar. Malturta i begeret knytt til Sveholmen er hærverk, fyrst med eit knust vindauga i ytterdøra, etterfølgd av brenning av materialar utanfor klubbhuset. Dette skadde den støypte plata, grunna den høge temperaturen.

Inst i Haukanespollen, hausten 2023.

I 2023 hadde me i utgangspunktet fullfinansiert kystturhytta vår ved Skårasundet, men det kom ikkje i gang grunna kommunal prosjektering. Prosjektet var i utgangspunktet nærast gryteklart, men i budsjettmøtet i desember ’23 vart ikkje den kommunale støtte på kroner 390 000 kroner vidareført til 2024.

Me oppdaterte flåten vår med ein brukt Romany Classic like før sommarskulen, og har elles investert i ei handfull tørrdrakter (to av dei brukte, høgkvalitets Kokatat-drakter).

Totalt sett seier Havstrilstyret seg nøgd med aktivtetsnivået i 2023, men håpar på større etterspurnad etter padlekurs i ’24.

Valkomitéen til årsmøtet i 2024 består av Silje Rusten, Liv Bente Storebø og Per Teigen.

Havstrilstyret, februar 2023

Leave a comment