Gratis sommarskule 1.-5. juli

Austevoll seilforening og Havstril padleklubb slår saman årer og segl og arrangerer gratis sommarskule for ungdommar alderen mellomtrinn på barneskulen til ungdomsskulen. Veka går av stabelen ved Sveholmen/Spissøy.

Målgruppe: Ungdommar/barn fødde mellom 2008-13

Både Havstril padleklubb og Austevoll seilforening har på kvar si side drive sommarskule dei siste åra, men i fjor samarbeidde dei maritime idrettslaga om opplegget for fyrste gongen. Det gav meirsmak: Me driv begge med aktivitetar på sjøen, og treng lenger innføring i sportane vår og har andre krav til HMS enn landidrettane, som Asl hadde felles opplegg med tidlegare.

Me kjem til å organisera sommarskulen i to grupper: Medan den eine gruppa siglar i to dagar, får den andre padla. Så byter me onsdag-torsdag. Fredag vert fri moro og herjing på sjøen, i stranda og så vidare.

Både padleklubben og seilforeningen har alt utstyret som trengst til sommarskule. Ungdommane treng berre komma seg til og frå Spissøy/Sveholmen og ta med seg lunsj og drikke til fire dagar. Fredagen inviterer me til grilling.


Påmelding/info: info@havstrilpadleklubb.no / SMS: 98874253

Leave a comment