Stor aktivitet blant havstrilane

Ein heilt vanleg og smått ufyseleg torsdag i slutten av juli registrerte me 11 utlån av kajakkar i klubben. Nokre av dei var rett nok til lågterskelturen i klubbregi, men det er veldig kjekt å sjå at medlemmar i alle aldrar tek utstyr ut, er flinke å registrera det i padleboken.no, slik at me har oversikt over kva utstyr som er ute til ei kvar tid.

På klubbturen var det nye andlet som nett hadde vore med på introkurs. Det varmar også eit gamalt havstrilhjarte.

Torsdag 1. august satsar me å padla frå ein annan lokalitet enn Sveholmen. Me kunngjer kor me padlar frå på tysdagen, inklusive eventuelt opplegg for å henta kajakkar på Sveholmen.

Leave a Reply

Discover more from Havstril padleklubb

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading