Ikkje akkurat Horgo, men …

This slideshow requires JavaScript.

Me fekk besøk av Tommy og Kjersti Turholm, som skal halda diverse kurs for oss i august, og dei vart med på padleturen. Eigentleg hadde aktivitetsleiar Trond planar om å padla langs Hundvåkøylandet, med allereie ved Barmen bygde havdønningane opp såpass utfordrande refleksar at me i staden padla ut mot Kalve for å vera meir i le.

Høg vasstand gjorde at me kunne dra ut i det grunne smettet mellom Inder- og Ytterøya. Sjeldan det går. Tommy coacha oss litt med teknikk under vegs, og me fekk òg drege ut gjennom sundet aust om Kalve. Fascinerande å dra ut der berre kajakkar og kanoar får plass.

Nokre av oss fekk logga nye trimpoeng, og Håkon lasta til og med ned applikasjonen og fekk registrert seg medan me låg ved inder- og Ytterøya.

Neste veke tek me utgangspunkt i ein annan stad enn Sveholmen for klubbturen. Utover hausten køyrer me truleg annankvar veke frå Sveholmen og den andre veka frå andre lokalitetar.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s