Trass ein kald julimånad og ein delvis hustrig august så langt, held den bylgja for padling fram med stor intensitet. Torsdag var det ti nye padlarar som fekk ei grunnleggja innføring i teknikk og tryggleik, med aggressiv knott og lummert seinsommarvêr som rammer.
Hugs elles på padlevettreglane når du skal ut i kajakken.
Det er òg naudsynt å tenkja ekstra på synlegheit når du skal padla om kvelden no om hausten. Den mørke timen kjem stadig tidlegare. Me tilrår desse små, vasstette diodelysa. Me har nokre, kvite, av dei tilgjengelege i klubbnaustet.