Lunnøytur med fine inntrykk

This slideshow requires JavaScript.

Heile elleve havstrilar møtte opp ved Leirvika og sette årene i blåmyra med kurs nordover Bekkjarviksundet. Om faunaen ikkje viste seg frå den mest spanande sida, fekk me i alle høve med oss både litt vind, ein del bylgjer i krossinga mellom Litla Lunnøy og Lunnøya. Me padla gjennom det pittoreske Snabbøksundet (trimpoengstad, naturlegvis), før Morten D. bestemte at det var tid for kaffi – eventuelt te – sjokolade, kjeks eller anna energiføde.

På vegen attende padla me inn til Rabben og fylgde vikene frå Rabbavika, Kobbaneset, var innom Slåttesteinen før me vende nasene heimover. Nokre padla inn til ventande bilar eller seglbåt, medan dei av oss som er ute etter trimpoenga padla dei ekstra hundremetrane til Raudholmane, som har fått fargen sin av ei spesiell geologisk årsak. Sjekk teksten på Geopark Sunnhordland.

Me padla 18,1 kilometer, på tre timar og 39 minutt

Foto: Trond H./Kersti Ø.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s